Opna hovudmenyen

Johan H. Andresen (1888-1953)

norsk politikar

Johan Henrik Andresen (29. november 188821. oktober 1953) var ein norsk forretningsmann, industrileiar og politikar i partiet Høgre. Han eigde J.L. Tiedemanns Tobaksfabrik og var ein av dei rikaste og mektigaste forretningsfolka i Noreg. I politikken representerte Andresen ei meir liberalistisk linje enn Høgre-leiaren Carl Joachim Hambro. Andresen var stortingsrepresentant 1928–33, og formann i Høgre frå 1934 til -37.

Johan H. Andresen (1888-1953)
Johan Henrik Andresen.jpg
Fødd 29. november 1888

Christiania

Død 21. oktober 1953
Östergötland
Parti Høgre

Liv og gjerningEndra

NæringEndra

Andresen tok middelskuleeksamen i 1904, og studerte så ved Höhere Handelslehranstalt i Leipzig åra 1905–07. Dei neste tre åra fekk han praktisk forretningserfaring ved Tiedemanns fabrikkar i Sverige og Noreg, samt i tysk tobakksindustri. Frå 1911 var han tilbake i Norge som disponent for Tiedemanns Tobaksfabrikk, medeigar 1915–23. Han vart eineeigar då faren døydde i 1923. Andresen introduserte ny teknologi og moderne distribusjons- og reklamemetodar i konsernet,noko som sikra stor avkastning, trass i den økonomiske nedgangen i mellomkrigsåra.

Gjennom ein offensiv bedriftspolitikk etablerte Andresen i mellomkrigstida Tidemann-konsernet som Noregs dominerande tobakksprodusent. Han spelte ei avgjerande rolle i kampen som norske tobakksfabrikkar førte mot utanlandske konkurrentars innpass på den norske marknaden. På 1920 låg konsernet i skarp konflikt med utanlandsk tobakkindustri. Striden vart løyst då Tiedemann inngjekk ein samarbeidsavtale med British American Tobacco (BAT) i 1930, som ein så etablerte Norsk-Engelsk Tobaksfabrikk saman med.

Han var formann i Tobaksfabrikernes Landsforening 1917–20, og viseformann i Norges Industriforbund 1920–22. Elles nestformann i Oslo Haandverks- og Industriforening 1920–25, og formann 1925–27.

PolitikkEndra

I 1920-åra arbeidde Andresen iherdig for å etablere ein borgarleg front mot arbeidarrørsla. Han sympatiserte med Fedrelandslaget og var medlem i Vort Land-rørsla. Dei to stortingsperiodane 1928-30 og 1931-33 representerte han Oslo og partiet Høgre på Stortinget, i begge periodane var han med i finanskomitéen. I 1932 var han delegat til Nedrustningskonferansen i Genève. Han sa før stortingsvalet 1933 nei til å halde fram på Stortinget grunna strid med den parlamentariske leiaren, partiformannen Carl Jochim Hambro. Liberalisten Andresen og den konservative Hambro var dels usams om politiske målsettingar, og ulike i veremåte. Andresen arbeidde planmessig og målretta, medan Hambro la vekt på prinsipp og improvisasjon.

Ved landsmøtet i Høgre i 1934 vann Andresen kampen mot Hambro om å verte Høgre-formann, då eit fleirtal i partiet ynskte ein formann som var meir oppteken av økonomisk politikk. Som partiformann tok Andresen avstand frå storindustrien sine forsøk på å setje politiske vilkår for finansiell støtte til Høgre. Men han lukkast korkje å modernisere partiorganisasjonen, eller å få makt over stortingsgruppa, som vart leia av Hambro. Andresen sa nei til attval som partiformann i 1937 etter ein strid om Høgre sin fiskeripolitikk. Han var likevel medlem av sentralstyret i Høgre fram til 1945.

Under andre verdskrigen sat Andresen i tysk fangenskap på Grini frå 12. januar til 28. mai 1942.

KjelderEndra