Johan H. Grimstad (31. august 19248. mars 2006) frå HareidSunnmøre var komponist av korverk. Grimstad var også politikar, biletkunstnar, lyrikar, dirigent, solist, tekstforfattar og arrangør.

Johan H. Grimstad
Fødd 31. august 1924
Død

8. mars 2006

Yrke dirigent, komponist

OppvekstEndra

Johan H. Grimstad voks opp på Sørngarden på Grimstad i Hareidsdalen. Han var den eldste blant seks sysken, mellom andre Arnljot Grimstad. I Volda tok han lærerutdanning og byrja å skrive musikk.

KomposisjonarEndra

Hans kanskje mest kjende verk er mannskorsatsen «Høgt frå den himmelske klåra» som vart skriven i perioden i Volda. Grimstad-koret som vart starta opp på denne tida, hadde for ein stor del medlemer som anten budde på eller var av Grimstad-slekta. Koret hadde fleire TV-opptredenar på 1960-talet.

Elles spente Grimstads utgangspunkt for sine komposisjonar såvidt vidt som frå tekster i Salmane til Jim Reeves-slageren «I love you because».

Mannskoret Frendar har fleire Grimstad-komposisjonar på sin siste CD, Strö lite rosor[1].

DirigentEndra

Grimstad var i ein lang periode dirigent for Hareid blandakor og Sunnmøre Kristelege Mannskor.

Dei fleste av korverka hans er utgitt på Norske Komponisters Forlag.

Han var æresmedlem av Norges Korforbund Sunnmøre.

Grimstad var engasjert i IOGT og høgnorskrørsla.

LyrikkEndra

  • Kornet og freden (1980)
  • Havet og samvitet (2003)

ReferansarEndra

  1. CD med fleire Grimstad-komposisjonar

Teksten er kopiert og omsett frå Wikipedia på norsk bokmål.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra