Johan Mjøen

norsk politikar

Johan Martin Mjøen (17. august 188325. mars 1966) var ein norsk gardbrukar og forretningsmann frå Alta som representerte VenstreStortinget i tida 1925-33.

Johan Mjøen
Fødd17. august 1883
Alta
Død25. mars 1966 (82 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
Alle verv

Mjøen var son til ein gardbrukar, og tok i si tid over farsgarden. Frå unge år arbeidde han mest med utvinning av skiferstein, og tok elles del i arbeidet med å bygge ut telegrafnettet i Finnmark. Åra frå 1913 til 1925 var han så disponent ved AS Altenskifer.

Frå 1910 til 1925 var Mjøen medlem av Alta heradsstyre, ordførar 1922-25. Hausten 1924 vart han vald inn på Stortinget som tredje representant frå Finnmark, eit ombod han hadde i ytterlegare to treårsperiodar. Dei to fyrste periodane var han medlem i Skog- og vassdragskomiteen, den siste i Veg- og jarnbanekomiteen.

Etter tida på Stortinget gjekk han tilbake til bergverksnæringa som statens oppsynsmann ved skiferbrota i Alta.

Mjøen hadde underoffiserseksamen og under den tyske invasjonen i 1940 var han sjef for eit øvingskompani på Altagård fram til kapitulasjonen 9. juni. Seinare i krigsåra sat han fleire periodar i fangeleir i Tromsø.

Etter verdskrigen var han ei tid distriktsintendant for gjenreisinga i distrikt II, Alta.

Kjelder endre