Johan Samuelsen
Johan Samuelsen (29. april 1882–28. mai 1943) var ein norsk skomakar, fagforeinigsleiar og politikar for Det norske Arbeidarparti og Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti.
Johan Samuelsen | |||
| |||
Fødd | 29. april 1882 Førde | ||
---|---|---|---|
Død | 28. mai 1943 (61 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet, Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti | ||
Yrke | politikar, fagforeiningsleiar | ||
Alle verv |
|
Samuelsen var fødd og oppvoksen på garden Mula i dåverande Naustdal, i dag i Førde, som far hans åtte og dreiv. 15 år gammal reiste han til Bergen og var skomakarsvein i tre år. Han arbeidde som skomakar til 1918, sidan var han sekretær ved det lolale LO-kontoret. Frå 1920 til han døydde var han tilsett ved folkeregisteret i Bergen.
Etter å ha vorte fagforeingsmedlem i 1903 var han aktiv i fyrste rekke frå 1905. Perioden 1905-09 var han formann for foreininga til skotøyarbeidarane og deltok såleis på fleire landsmøte. Han var formann for Bergen Arbeidarparti 1911-13 og medlem av bystyret i Bergen 1910-19, 1922-25 og 1928-37.
Samuelsen representerte valkrinsen Kalfaret på stortinget 1913-15 og krinsen Nygaard i bolken 1916-18, i begge høva vald inn for Arbeidarpartiet. Ved splittinga av Arbeidarpartiet i 1921 braut han ut og vart med i det nye sosialdemokratiske arbeidarpartiet. Han var fyrstekandidat til Stortinget for sosialdemokratane i Bergen både i 1921 og 1924, men fekk begge gongane for få røyster til å verte vald. Derimot vart han stortingsrepresentant att då dei to partia gjekk saman i 1927. Gjennom stadige attval hadde han sete på Stortinget frå 1928 til han døydde i 1943.
Han var medlem av fleire statlege utval, så som luksusskattkommisjonen av 1917, arbeidarkommisjonen av 1918 og lønskommisjonen av 1919.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914