Opna hovudmenyen

Johan Schjefloe

norsk gardbrukar og politikar

Johan Kristian Schjefloe (15. august 178911. mars 1853) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Sparbu i Nord-Trøndelag.

Johan Schjefloe
Fødd 15. august 1789
Sparbu
Død

11. mars 1853
Sparbu

Yrke bonde, politikar, lærar

Far hans var gardbrukar på Seim i Sparbu og styrar av eit verk. Schjefloe var skulehaldar i Sparbu frå 1809, frå 1814 var han også gardbrukar på farsgarden. Han var medlem av heradsstyret 1838-50, ordførar 1838-42. Vidare var han forlikskommissær 1841-45 og kyrkjeverje i 29 år, samt vaksinatør i over 20 år.

Schjefloe representerte Nordre Trondhjems amtStortinget 1824-28 og 1833-37. Både i 1824 og 1827 var han medlem av komiteen for jordbruk og fedrift. I 1833 var han medlem av komitear vedkomande gasjar, pensjonar, budsjett og skattestell, medan han i 1836 var med i budsjettkomiteen og på omframstortinget 1836-37 om utreiarlova av 1824.

Ved valet til 1830-stortinget vart det hindra at han vart vald.

Schjefloe døydde på garden sin i Sparbu i 1853.

KjelderEndra