Johann Peter Gustav Lejeune Dirichlet
Johann Peter Gustav Lejeune Dirichlet (13. februar 1805–5. mai 1859) var ein tysk matematikar.
Johann Peter Gustav Lejeune Dirichlet | |
![]() | |
Fødd | 13. februar 1805 Düren |
---|---|
Død | 5. mai 1859 Göttingen |
Område | talteori |
Yrke | matematikar, universitetslærar |
Institusjonar | Universitetet i Wrocław Universitetet i Göttingen Friedrich-Wilhelms-Universität zu Berlin Humboldt-Universität zu Berlin |
Alma mater | Universitetet i Bonn |
Doktorgradsrettleiar | Siméon Denis Poisson Jean Baptiste Joseph Fourier |
Ektefelle | Rebecka Dirichlet |
Medlem | Royal Society Kungliga Vetenskapsakademien Vitskapsakademiet i St. Petersburg Det russiske vitskapsakademiet Det prøyssiske vitskapsakademiet Det bayerske vitskapsakademiet |
Etter studiar i Paris vart han utnemnd til professor i Berlin i 1831. I 1855 etterfølgde han Carl Friedrich Gauss som professor i Göttingen. Fleire resultat innan matematikken er knytte til namnet hans, mellom anna satsen om primtal i aritmetiske rekkjer som seier at det eksisterer ei uendeleg mengd primtal på forma ax + b når a og b ikkje har noko felles faktor. Innan algebraisk talteori er teoremet hans om einingane fundamental. I funksjonsteori var den generelle oppfatninga hans av sjølve funksjonsomgrepet viktig, og han sette opp vilkår for utviklinga av ein funksjon i trigonometriske rekkjer, samt gjorde undersøkingar over potensialteori, der dirichletske rekkjer er ei viktig utviding av omgrepet potensrekkje. Forelesningane hans om talteori vart gjeven ut i mange opplag av matematikaren Richard Dedekind og dei samla verka hans vart utgjeven av Vitskapsakademiet i Berlin (2 bind, 1890–1897).
Kjelder Endra
- Peter Gustav Lejeune Dirichlet. (2012-01-17) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Peter_Gustav_Lejeune_Dirichlet