Johannes Christiansen

norsk politikar

Johannes Christiansen (fødd 17. oktober 1850 i Askim, død 5. juli 1913) var ein norsk underoffiser, gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Askim. Han var medlem av Venstre.

Johannes Christiansen
Fødd17. oktober 1850
Død15. juli 1913 (62 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1900–1903)
  • ordførar i Skiptvet (1888–1889)
  • vararepresentant til Stortinget (1886–1888)
  • vararepresentant til Stortinget (1892–1894) Sjå dette på Wikidata

Christiansen var son til ein gardbrukar. Sjølv tok han i 1871 eksamen som underoffiser ved artilleriskulen. Frå 1872 var han sersjant i artilleriet, steig til kommandersersjant i 1889. Han tok over farsgarden Svae i Askim og dreiv han til 1889. Det året vart han lensmann i Skiptvet og flytta dit. Året etter, 1890, kjøpte han garden Vister der av svigerfaren og dreiv sidan denne. Han var lensmann i Skiptevt fram til 1913.

Christiansen var medlem av heradsstyret i Askim frå 1876 til -89, dei to siste åra var han ordførar. Han var formann i skulestyret i Skiptevt frå 1896 til 1897. Perioden 1900-03 var han 1. representant frå Smaalenenes amtStortinget. Han var medlem av gasje- og pensjonskomiteen.

Kjelder

endre