Johannes Lofthus
Johannes Larsson Lofthus (28. august 1880–18. mars 1968) var ein norsk landbruksskulemann frå Øystese i Hordaland.
Johannes Lofthus | |
Fødd | 28. august 1880 |
Død | |
Yrke | skribent |
Lofthus tok eksamen ved landbruksskule i 1904 og studerte så ved Noregs Landbrukshøgskule til 1904. Etter eksamen på Ås var han 1905-07 lærar på Telemark folkehøgskule og 1907-18 på Stend jordbruksskule i Fana herad. Åra 1918-24 var han styrar av Hardanger jordbruks- og fruktdyrkingsskule og 1924-35 i same stilling ved Troms fylkes landbruksskule. Til sist var han styrar av Stend jordbruksskule til 1950.
Lofthus hadde tillitsverv i både landbrukslag, høgskulelag, byggjenemnder og han var medlem av ulike heradsstyre som representant for Bondepartiet. Han var aktiv skribent og gav mellom anna ut Vestlandske Mjølkesentral gjennom 25 år i 1956.
Kjelder
endre- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957