John Ausonius
John Wolfgang Alexander Ausonius (fødd Wolfgang Alexander Zaugg, 12. juli 1953), òg kjend som «Lasermannen», er ein svenske dømd for ein serie drap, drapsforsøk og for bankran. Frå august 1991 til januar 1992 skaut han, først med gevær med lasersikte (av dette kallenamnet «Lasermannen», først brukt av journalisten Richard Aschberg i Aftonbladet) og seinare med revolver, totalt tolv personar ved ulike attentat i Stockholm og Uppsala. Eitt av offera døydde og fleire fekk mein for livet. Det einaste offera hadde til felles var ein mørk hudfarge.
John Ausonius | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 12. juli 1953 (71 år) Lidingö |
Yrke | kriminell |
Språk | svensk |
John Ausonius på Commons |
Attentatet førte til den nest største politijakta i Sverige, berre overgått av etterforskinga knytt til Palme-mordet. Etter seks månader vart Ausonius teken på fersk gjerning under eit bankran i juni 1992. Han vart, til trass for at han se seg uskuldig, sikta for eitt mord, åtte mordforsøk og åtte grove ran. Bevisa heldt ikkje til å dømma han på alle tiltalepunkta, men i januar 1994 vart han dømt til fengsel på livstid.[1][2] I februar 2018 var han så gjeven livstidsstraff i Tyskland for drapet på den Holocaust-overlevande Blanka Zmigrod i 1992. Han har vorte diagnostisert med dyssosial personligheitsforstyrring og autisme.[3]
Bakgrunn
endreWolfgang Zaugg vart fødd på Lidingö, men voks opp i Vällingby i Stockholm. Foreldra var begge innvandrarar; mora var tysk og faren sveitser. Zaugg vart svensk statsborgar i 1979. Som barn vart han plaga på grunn av det svarte håret og mørke utsjånaden sin. Han var dugeleg på skulen og debatterte ofte i klassa. Som voksen endra han namn til John Stannerman og seinare til John Ausonius. Han vart innkalla til verneplikt ved Svea livgarde i Kungsängen etter å ha fått statsborgarskapet i 1979, på trass av at han var tiltala for grov mishandling og underslag, men vart deretter dimittert etter at han fleire gonger truga befal og vernepliktige. Det var i tenestetida at han lærte seg å handtera våpen, og han var ein særs dugande skyttar.
Etter militærtenesta byrja han på studium ved Kungliga Tekniska Högskolan i Stockholm, men slutta relativt raskt, og eit bel var han òg heimlaus. Etter ein kort, men framgangsrik karriere med opsjonshandel, vart han brått ståande utan inntekt. For å finansiera spelavhengnaden og det tidlegare jappelivet sitt byrja han å rana bankar.[4] Han forandra utsjånad ved hårfarging og endring til blå augefarge ved hjelp av kontaktlinser. I eit intervju med Gellert Tamas uttalte Ausonius at han kunne drepa ein innvandrar for å villeie politiet frå bankrana, og fordi han hata innvandrarar.
Attentata
endre- 2. august 1991 – Skaut ein antropologistudent ved Gärdet tunnelbanestasjon
- 21. oktober 1991 – Skaut ein antropologistudent på Lappkärrsberget
- 27. oktober 1991 – Skaut ein uteliggar nær Torsgränd, Vasastaden
- 1. november 1991 – Skaut ein musikar ved Brygghuset, Vasastaden
- 8. november 1991 – Drap ein student i Körsbärsvägen nær Kungliga Tekniska högskolan
- 22. januar 1992 – Skaut ein forskarstudent innan medisin i Studentvägen i Uppsala
- 23. januar 1992 – Skaut ein bussjåfør på Södermalm
- 23. januar 1992 – Skaut to personar i Somaliska föreningen på Norrtull
- 28. januar 1992 – Skaut ein eigar av ein grillkiosk i Djursholm
- 30. januar 1992 – Skaut ein kioskeigar ved Hägerstensåsens tunnelbanestasjon
Ausonius blei seinare òg mistenkt for å ha drepe ei kvinne den 23. februar 1992 under eit besøk i Frankfurt am Main.
Kriminaletterforskinga
endrePolitiet si etterforskningsgruppe hadde problem med å finna ein gjerningsmann, sidan Ausonius ikkje hadde noka tilknyting til offera. Ein opplevde derimot eit gjennombrot då politiet starta å undersøkja opplysningar om at ein kvit Nissan Micra SLX hadde vorte sett ved skota 22.–23. januar. Politiet gjennomførte ein omfattande kontroll av alle eigarar av denne biltypen, og det viste seinare seg at Ausonius hadde leigd ein slik bil frå eit bilutleigefirma i Stockholm. Då politiet freista å kontakta Ausonius for nokre rutinespørsmål, vart det oppdaga at korkje den registrerte adressa hans eller telefonnummeret samsvara med røyndomen. Den 25. februar vart det sendt innkalling til forhøyr til ein postboks som ein trudde Ausonius nytta. Ausonius følgde nyhendesendingane tett, og då det vart offentleggjort at politiet søkte ein Nissan Micra forlét Ausonius Sverige ved slutten av februar, og drog til Sør-Afrika. Han vende ikkje heim før ved midten av mai.
I mars hadde politiet enno ikkje fått høve til å stilla han rutinespørsmål om bilen han hadde leigd i januar. Det var òg full visse om dei mange tidlegare lovbrota til Ausonius. Ein av politiet sine etterforskarar hadde òg delteke i utgreiinga om Palmemordet, og hadde den gongen fått høyra om John Stannerman (eit tidlegare namn Ausonius hadde nytta), ein kjend «palmehater» som tidlegare hadde arbeidd som kinomaskinist blant anna på kinoen Grand i Sveavägen. Etter at dette vart klart, vart Ausonius høgst interessant for den vidare etterforskinga. Ausonius sat derimot i Kumlaanstalten ved tidspunktet for døden til Olof Palme, dømd for eit fleirtal valdslovbrot, og kunne raskt utelukkast som gjerningsmannen bak Palmemordet.
I løpet av etterforskinga oppdaga politiet òg at Ausonius var kunde hjå fleire pantelånarar. Samstundes hadde ein mystisk sykkelranar lukkast i å rana 17 bankar i Stockholm utan å verta pågripen. Etter samanlikning kunne politiet konstatera at Ausonius hadde løyst ut eigedelane sine frå pantelånarane like etter at sykkelranaren hadde rana ein bank.
Då Ausonius kom heim til Sverige, fekk politiet vita at han var i Stockholm ved at han gjekk til posten for å tømma postboksen sin. Sidan politiet ikkje visste adressa hans, vart det vedteke at spaningsavdelinga skulle spana på han. Det var kjent at Ausonius hadde leigd videofilmar i ein videobutikk i krysset Birger Jarlsgatan–Odengatan, og då Ausonius kom dit for å levera inn filmane, følgde politiet etter. Dei kunne dermed konstatera at Ausonius var busett i Ynglingagatan i nordre Vasastaden.
Påfølgjande dag, den 12. juni, forlét Ausonius heimen sin på formiddagen. Han sykla til Södermalm, bytta klede i ein port, og utførte sitt attande bankran ved Handelsbanken i Hornsgatan, rett føre auga på politiet sine spanere. Då politiet freista å pågripa han vart dei møtt med fleire avfyrte skot, men klarte like etter å overmanna Ausonius.
Då politiet etterlyste Lasermannen, vart det publisert eit fantombilete med ein tenkt utsjånad på han. Biletet var samansett med utgangspunkt i ei skildring som eit av offera hans hadde gjeve. Biletet viste ein mann med raudt hår og briller. Han hadde endra sit utsjåande for å sjå meir svensk ut (farga håret raudt, skaffa blå kontaktlinser). Eit bel etter at Lasermannen hadde vorte arrestert, vart det vist fram bilete av han med mørkt hår, fråverande briller og eit stort heilskjegg som han hadde opparbeidd i tida han sat i arrest.
Dommar
endreDen 14. januar 1994 vart Ausonius dømd av Stockholms tingsrätt til livstidsfengsel mot sin vilje for eitt mord, ni mordforsøk og dessutan ni ran. Han vart frikjend frå to av mordforsøka.
Saka vart seinare anka i Svea hovrätt, men prosessen vart meir komplisert etter at Ausonius mishandla sina to forsvarsadvokatar på Kronobergshäktet den 4. oktober 1994. Advokatane sa frå seg oppdraget og Ausonius fekk to nye advokatar. Då rettargangen vart gjenoppteken den 31. januar 1995, mishandla Ausonius sina to nye forsvarsadvokatar i forkant av samlinga til retten. Retten tillét ikkje at han bytte forsvararar nok ein gong, og Ausonius vart sett i handjarn. Den 19. mai 1995 fastsette hovretten domen på livstids fengsel. Hovretten frikjende han derimot for eitt av rana. Han tener straffa si ved Kumlaanstalten.
I august 2000 medgav Ausonius at han var skuldig i alle ti attentat og dessutan tjue gjennomførte eller forsøk på bankran. Högsta domstolen meinte òg at innrømminga, på grunn av at Ausonius hadde lågt truverd, ikkje var nok grunn til gjenopptaking av sakene rundt dei frikjende domane.
Ausonius blei òg dømt for å ha drepe ei kvinne den 23. februar 1992 under eit besøk i Frankfurt am Main. I 2016 blei han utlevert til Tyskland for å stillast for retten for å ha drepe 68 år gamle Blanka Zmigrod.[5] Ausonius gjekk med på utlevering så lenge han kunne sona den eventuelle straffa si i Sverige.[6] Han blei gjeven ein livstidsdom, og sendt tilbake til fengselsvesenet i Sverige i januar 2019.[7]
21. desember 2010 avslo Örebro tingsrätt ein søknad frå Ausonius om å få livstidsstraffa si tidsbestemt.[8] Ein ny søknad vart avslått av retten 2. november 2012.[9][10] Ausonius søkte på nytt om å få livstidsstraffa tidsbestemt i mai 2020.[11]
Anna
endreI 2002 vart boka Lasermannen – Ein berättelse om Sverige av Gellert Tamas gjeven ut.
I 2005 produserte svenske SVT TV-serien Lasermannen, ein tredelt miniserie kvar på ca. 90 minutt. Serien vart send på norsk TV 2 i 2007, i seks delar.
Kjelder
endre- ↑ Arvidsson, Ulf. «Lasermannen». Nationalencyklopedin (på svensk). Henta 9. juli 2010. (krev abonnement)
- ↑ Vidlund, Susanna; Österberg, Tobias (30. april 2008). «Fortsatt livstid för "Lasermannen"». Aftonbladet (på svensk). Tidningarnas Telegrambyrå. Henta 9. juli 2010.
- ↑ TT (2. november 2012). «Ausonius ansökan avslås». Dagens Nyheter (på svensk). Henta 3. januar 2013.
- ↑ Gustafsson, Thomas (5. april 2001). «Jag har levt i en lögn». Aftonbladet (på svensk). Henta 9. august 2010.
- ↑ "Lasermannen", Die Welt, 16 December 2016
- ↑ Swedish 'laser man' Ausonius on trial for 1992 German murder BBC
- ↑ Germany extradites 'laser man' killer John Ausonius to Sweden The Guardian (Agence France-Presse)
- ↑ TT (21. desember 2010). «Ingen tidsbestämning för Ausonius». Dagens Nyheter. Henta 21. desember 2010.
- ↑ "Lasermannen vill ha tidsbegränsning" Arkivert 22. oktober 2012 på Wayback Machine. Göteborgs-Posten. 19. oktober 2012. Henta 21. oktober 2012.
- ↑ TT (10. juni 2013). «Lasermannen nekad tidsbestämt straff». Sveriges Radio. Henta 10. juni 2013.
- ↑ Kjellström, Sandra (31. mai 2020). «Lasermannen ansöker på nytt om tidsbestämt straff». SVT Nyheter Stockholm. Henta 12. april 2021.
- Denne artikkelen bygger på «John Ausonius» frå Wikipedia på bokmål, den 13. desember 2017.