John Norem (11. november 188812. mai 1976) var ein norsk sakførar, høgsterettsadvokat og politikar frå Stavanger. Han var ordførar i Stavanger, stortingsrepresentant for Høgre og fylkesmann i Rogaland.

John Norem
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. november 1888
Stavanger kommune
Død

12. mai 1976 (87 år)

Yrke politikar, jurist, advokat
Språk norsk
Politisk parti Høgre

Norem var kjøpmannsson. Han tok i 1912 juridisk embetseksamen og etablerte deretter sakførarforretning i heimbyen, der han arbeidde som sekretær for Vestlandske Hermetikkfabrikkers Forening og De norske Hermetikkfabrikkers Landsforening. Frå 1916 til 1919 var han i tillegg leiar i Hermetikkfabrikkenes Importforening. I 1935 tok han over som styreformann i Rosenberg Mekaniske Verksted.

Norem engasjerte seg politisk i og for partiet Høgre. I 1916 vart han vald inn i bystyret i Stavanger, og vart der verande til 1931. Åra 1922-25 var han ordførar. Norem møtte så fyrste gongen på Stortinget nokre veker i 1924 som vararepresentant frå valkrinsen Kristiansand, Mandal, Flekkefjord, Stavanger, Haugesund. Frå 1925 til 1933 representerte han same valkrinsen på Stortinget med fast sete. Alle desse ni åra var han nestformann i Sosialkomiteen. Han var sentralstyremedlem i Høgre frå 1927 til-34.

Norem var fylkesmann i Rogaland frå 1932 til 1941 og på ny frå våren 1945 til 1958. Han vart avsett i juli 1941 då han motsette seg Nasjonal Samling sin politikk for å overta kontrollen med kommunane.

Norem var kommandør av St. Olavs Orden frå 1952.

Kjelder endre