Opna hovudmenyen

John Playfair

britisk matematikar

John Playfair (10. mars 174820. juli 1819) var ein skotsk prest og vitskapsmann.

John Playfair
John Playfair by Sir Henry Raeburn.jpg
Fødd10. mars 1748
Dundee
Død20. juli 1819
Burntisland
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Områdematematikk
Yrkematematikar, geolog, fysikar
InstitusjonarUniversity of Edinburgh
Alma materUniversity of St Andrews
MedlemRoyal Society
Royal Society of Edinburgh

Han var professor i matematikk ved universitetet i Edinburgh frå 1795, og i naturfilosofi frå 1805. Han var ein nær ven av James Hutton, og etter venen døydde la han fram og forsvarte teoriane hans i Illustrations of the Huttonian Theory of the Earth (1802), eit arbeid som førte til aktualitetsprinsippet sitt gjennombrot i geologien.

Playfair er kjend for Playfairaksiomet som er ei ekvivalent formulering av parallellaksiomet til Euklid. Det fastslår at det gjennom kvart punkt kan trekkast nøyaktig éi linje parallell med ei gjeven linje.

KjelderEndra