John Scott Haldane

britisk oppfinnar

John Scott Haldane (3. mai 186015. mars 1936) var ein skotsk lækjar og vitskapsmann som var ein autoritet på lungesjukdomar hjå industriarbeidarar.

John Scott Haldane

Fødd3. mai 1860
Edinburgh
Død15. mars 1936
Oxford
NasjonalitetStorbritannia
Yrkeoppfinnar, fysiolog, filosof, lege
InstitusjonarUniversity of Oxford
Alma materUniversity of Edinburgh
Edinburgh Academy
Dragon School
EktefelleLouisa Kathleen Trotter
BarnJ. B. S. Haldane, Naomi Mitchison
MedlemRoyal Society
Royal Academy of Medicine of Belgium
National Academy of Sciences

Mykje av det vitskapen i dag veit om kor mykje menneskekroppen toler av ekstreme påkjenningar, kan vi takka den ekstremt eksentriske John Scott Haldane og sonen hans, biologen J. B. S. Haldane, for.

John Scott Haldane var førelesar ved universitetet i Oxford, der han forska på effekten av trykkendringar på det respiratoriske systemet hjå mennesket. Han var den første til å rekna ut reglane for trygg oppstiging for dykkarar. Han studerte òg høgdesjuke hjå fjellklatrarar og heteslag i ørkenstrok.

Haldane hadde ei spesiell interesse for effekten giftige gassar kan ha på menneske. For å finna ut nøyaktig korleis karbonmonoksid kunne ta livet av gruvearbeidarar, forgifta han seg sjølv systematisk, tok jamlege blodprøver, og noterte nøye korleis han opplevde det. Først då han nesten ikkje hadde nokon muskelkontroll att og hadde eit nær dødeleg blodmetningsnivå, avbraut han eksperimentet.

Sonen hadde dei same interessene, og dei eksperimenterte ofte på kvarandre og målte kor lang tid det tok før dei svima av av ulike gassar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: John Scott Haldane