Jomfruøyane er ei øygruppe i det karibiske havet som i dag er delt i to territorium; dei amerikanske Jomfruøyane og dei britiske Jomfruøyane.

Leinste Bay på Jomfruøyane.

HistorieEndra

Jomfruøyane var opphavleg busette av guanajatabeyar, karibar og arawakar. Dei blei oppdaga av Christopher Columbus på den andre Amerikareisa hans, i 1493, og kalla Santa Ursula y las Once Mil Virgines etter den heilage Ursula og jomfrufølgjet hennar. Namnet blei forkorta til Las Virgines.

I løpet av dei neste tre hundre åra hadde ulike europeiske makter herredøme over øyar i øygruppa, mellom anna Spania, England, Nederland, Frankrike, Danmark og Maltesarordenen.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jomfruøyane