Jomfruland fyrstasjon
(Omdirigert frå Jomfruland fyr)
Jomfruland fyrstasjon er eit fyr som ligg på øya Jomfruland utanfor Kragerø i Vestfold og Telemark.
![]() Fyrtårnet frå 1938 Foto: Sean Hayford O'Leary | |||
Fylke | Vestfold og Telemark | ||
---|---|---|---|
Kommune | Kragerø | ||
Funksjon | Kystfyr | ||
Oppretta | 1839 | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 34,2 | ||
Form | Fyrbygning med tårn | ||
Byggjemateriale | Støypejern | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | Blink kvart 15. sek. | ||
Lyshøgd | 48 moh. | ||
Lysvidde | 19 nm | ||
Status | |||
Eigar | Staten | ||
Automatisert | 1991 | ||
Avfolka | 1991 | ||
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne | ||
![]() Jomfruland fyrstasjon | |||
Fyrstasjonen har to fyrtårn. Det eldste vart bygd i tegl i 1838 og sett i drift året etter. Fyret er 22 meter høgt, men lyktehuset er fjerna. Dagens fyr er eit 31 meter høgt støypejernstårn frå 1938 med 2. ordens linseapparat. Fyret ligg midt inne på øya og ragar 48 moh.
Fyrstasjonen består i tillegg til dei to tårna av assistentbustad samt andre bygg og uthus gruppert i eit tun. Fyrstasjonen er freda etter lov om kulturminne.
Jomfruland fyr er motiv på eit norsk frimerke (NK 1581) gjeve ut 1. september 2005.
Sjå òg endre
Kjelder endre
- Delar av denne artikkelen bygger på «Jomfruland fyr» frå Wikipedia på bokmål, den 1. oktober 2008.
Andre kjelder endre
- «Norsk fyrliste 2008» (PDF). Kystverket.
- «Jomfruland fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff endre
- Jomfruland fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren