Jon Aasen
norsk politikar
Jon Sverre Aasen (fødd 16. mars 1951) er ein norsk politikar frå Vanylven som representerer Arbeidarpartiet. Han er fylkesordførar i Møre og Romsdal sidan 2011.
Jon Aasen | |
Fødd | 16. mars 1951 |
---|---|
Parti | Arbeidarpartiet |
1. verv | Ordførar i Vanylven |
- periode | 1988–2003 |
- føregangar | Jon Arne Lillebø |
- etterfylgjar | Jan Helgøy |
2. verv | Fylkesordførar i Møre og Romsdal |
- periode | 2003–2007 |
- etterfylgjar | Olav Bratland |
3. verv | Fylkesordførar i Møre og Romsdal |
- periode | 2011– |
Aasen er utdanna ved lærarskulen i Volda. Frå 1976 var han i tolv år lærar på Åheim skule i heimkommunen Vanylven. Han var varaordførar 1983-87 i Vanylven, deretter ordførar i seksten år, 1988-2003. Valperioden 2003-07 var han fylkesordførar i Møre og Romsdal, han kom tilbake i denne posisjonen etter fylkestingvalet hausten 2011.