Jon Eikemo
norsk skodespelar
Jon Eikemo (30. november 1939–11. juni 2025) var ein norsk skodespelar frå Breistein i Åsane kommune. Han debuterte på scena i 1961, og filmdebuten var i 1968 med filmen De ukjentes marked. Han fekk Spellemannprisen 1979 i open klasse for albumet Leser Jakob Sande og Norsk kulturråds ærespris for 2007 på 500 000 kroner.[1] Han var med i Amanda frå Haugesund i 2011.
Jon Eikemo | |||
Fødd | 30. november 1939 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Breistein | ||
Død | 11. juni 2025 (85 år) | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Verka som | skodespelar, teaterskodespelar, filmskodespelar | ||
Prisar | Spellemannprisen i åpen klasse, Norsk kulturråds ærespris |
Eikemo var tilsett ved Det norske teatret frå 1978, og hadde tidlegare vore på Oslo Nye Teater (1975–1978),[2] Den Nationale Scene (1972–1975), Nationaltheatret (1968–1972), Det norske teatret (1966–1967), Fjernsynsteatret (1964–1965) og Riksteatret (1961–1963).[1]
Ved stortingsvalet 2009 stod Eikemo på 22. plass på Senterpartiet si valliste i Oslo.[3]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 NRK (18. september 2007). «Ærespris til Jon Eikemo». NRK (på norsk bokmål). Henta 12. juni 2025.
- ↑ Det Norske teatret 75 år. [Samlaget]. 1988. ISBN 8252133142.
- ↑ Oslo Senterpartis stortingsvalgliste 2009
Bakgrunnsstoff
endre- Jon Eikemo ved The Internet Movie Database (IMDb)
- Jakob Sande og Jon Eikemo - trur eg (1993). Jon Eikemo framfører dikt av Jakob Sande ved Fjernsynsteatret.