Jon Lauvland Pettersen
Jon Lauvland Pettersen (fødd 17. oktober 1975) er ein norsk trommeslagar og låtskrivar frå Hadsel kommune i Vesterålen.
Jon Lauvland Pettersen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1975 (49 år) |
Yrke | trommeslagar |
Medlem av | Madrugada |
Madrugada
endrePettersen var ein av dei opphavlege medlemmene i rockegruppa Madrugada, eller ØX, som ho heitte i byrjinga. Pettersen spelte i lag med bassist Frode Jacobsen og gitarist Marius Almås Johansen. Sivert Høyem kom til noko seinare.
I 1997 flytta bandet til Oslo, og gitarist Johansen vart på denne tida erstatta av Robert Burås. Pettersen spelte på den fyrste EP-en til bandet som kom i 1998, og også på den fyrste plata, Industrial Silence frå 1999, som bandet vann Spellemannprisen 1999 for. I åra 1998 - 2001 gav bandet ut fleire EP-ar. Lauvland Pettersen er kreditert som co-låtskrivar på mange av songane til gruppa.
CD nummer to; The Nightly Disease kom i 2001. Han vart innspelt i USA, framleis med Lauvland Pettersen bak trommene, men han forlét bandet i 2002. Simen Vangen erstatta han som trommeslagar.[1]
Andre prosjekt
endreSeinare har Lauvland Pettersen starta opp jazzgruppa Milestone Refinery, m.a. saman med Gudmund Østgård, som spelte gitar i Madrugada ei kort stund. Bandet gav ut cd-en Citric Love i 2004. [2]
Lauvland Pettersen er i dag (2012) tilsett som dagleg leiar i Hurtigrutens Hus Hadsel KF.[3]
Kjelder
endre- Fødselsdato er henta frå mail frå Jon Lauvland Pettersen, 11. februar 2011.
- Profil på Groove.no
- Melankolske nordlendinger: Et intervju med Madrugada.
- Referansar
- ↑ NRK.no om Madrugada
- ↑ Citric Acid på Rockipedia[daud lenkje]
- ↑ «Jon Lauvland Pettersen». Hadsel kommune. 22. mars 2012. Arkivert frå originalen 11. juni 2015.