Opna hovudmenyen

Spellemannprisen 1999 blei delt ut i Oslo Spektrum fredag 25. februar 2000. Lene Marlin blei den store vinnaren med fire prisar for debutalbumet sitt Playing My Game og singelen «Sitting Down Here». Ole Ivars vann prisen for Årets spellemann og vann i klassen danseorkester for tredje gong. Folkemusikaren Sven Nyhus fekk heidersprisen frå juryen dette året. Det blei for første gong delt ut pris i den nye klassen «videoprisen» (seinare «årets musikkvideo»). Prisen blei også delt ut i 1986, men han blei no innført som fast klasse.

Prisutdelinga var delt i to delar, der andre del fokuserte på klassane innanfor populærmusikk. NRK produserte og overførte utdelinga. Programleiarane var Annbjørg Lien og Bård Tufte Johansen.

VinnararEndra

Klasse Artist Tittel
Popsolist Lene Marlin Playing My Game
Popgruppe Savoy Mountains Of Time
Rock Madrugada Industrial Silence
Hardrock The Kovenant Animatronic
Dance Palace of Pleasure Popaganda
Folkemusikk/gammaldans Kvarts Kvarts
Danseorkester Ole Ivars Ole Ivars I 2000
Jazz Karin Krog & John Surman Bluesand
Klassisk musikk Truls Mørk Elgar; Cellokonsert Og Britten; Cellosymfoni
Samtidsmusikk Oslo Filharmoniske Orkester, Det Norske Kammerorkester, Oslo Sinfonietta Rolf Wallin: Boyl
Viser og viserock Jan Eggum Deilig
Open klasse Krøyt Low
Barneplate Diverse Artister (NRK Barn) Jul i Blåfjell
Årets artist Lene Marlin
Videoprisen Babel Fish «Light Of Day»
Årets nykomar Lene Marlin Playing My Game
Årets låt Lene Marlin «Sitting Down Here»
Årets spellemann Ole Ivars
Spesialpris: heiderspris frå juryen Sven Nyhus

KjelderEndra