Jon Lyng
norsk politikar, skribent og advokat
Jon Lyng (19. april 1945–16. februar 2003) var ein norsk advokat, forfattar og politikar frå Høgre.
Jon Lyng | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. april 1945 London |
Død |
16. februar 2003 (57 år) |
Yrke | politikar, skribent, advokat |
Språk | norsk |
Politisk parti | Høgre |
Far | John Lyng |
Lyng var forretnings- og prosedyreadvokat, og var særleg kjend som ein av Arne Treholt sine forsvarar. Han var ein av advokatane som hadde flest saker for Høgsterett.[1]
Jon Lyng var Oslo Høgre sin leiar i perioden 1992-96. Han sat også i Oslo bystyre i fleire periodar, og han var statssekretær i Justisdepartementet for Wenche Frogn Sælleg i perioden 1985-86.
Jon Lyng var son til tidlegare statsminister John Lyng.[1]
I 2002 kom Lyng med boka Valgets kval, ein politisk thriller.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jon Lyng» frå Wikipedia på bokmål, den 15. mai 2013.
- ↑ 1,0 1,1 «Advokat Jon Lyng død». NRK. 18. februar 2003. Henta 4. mars 2018.