Jon R. Aas

Norsk bonde og politikar

Jon Reinholdt Aas (27. oktober 187427. august 1953) var ein norsk gardbrukar og stortingsrepresentant frå Øvre Eiker. Han var stortingsmann for partiet Høgre i tida 1919 til 1945.

Jon R. Aas
Fødd 27. oktober 1874
Øvre Eiker
Død

27. august 1953 (78 år)

Aas var son til ein gardbrukar. Han utdanna seg i 1894 til cand.philol. I 1905 tok han over farsgarden i Øvre Eiker og dreiv han til 1940-åra.

Aas engasjerte seg for partiet Høgre og var medlem i sentralstyret frå 1914 til 1934. Lokalt var han med i heradsstyret i Øvre Eiker 1913-19. Frå 1919 representerte han einmannskrinsen Numedal på Stortinget til 1921. Sidan vart han vald til stortingsmann frå valkrinsen Buskerud fylke både i 1921, 1924, 1927, 1930, 1933, 1936, og vart dermed tingmann heilt til 1945. På Stortinget var han 1919-21 medlem i Skog- og vassdragskomiteen. Perioden 1922-30 hadde han rom i Vegkomiteen, nestformann 1923-30. Deretter var han med i Veg- og jarnbanekomiteen 1931-45, nestformann i komiteen frå 1937. I 1926/27 var han medlem i Riksretten som frikjende Berge-regjeringa. Elles president i Lagtinget 1931-36.

I tida 1928-31 var Aas formann i Den parlamentariske valordningsnemnda av 1927. Han var også formann i Statsbanekomiteen av 1932. Vidare var han frå 1920 medlem av hovudstyret i Vassdrags- og elektrisitetsvesenet, og medlem i Høgskolekomiteen av 1927.

KjelderEndra