Jordalkalimetall
grunnstoffgruppe
Jordalkalimetall er grunnstoff i gruppe II i periodesystemet. Grunnstoffa i denne gruppa er: beryllium, magnesium, kalsium, strontium, barium og radium.
Eigenskapar
endreAlle jordalkalimetalla dannar toverdige ion. Dei reagerer lett med halogen og med vatn, men reaksjonen er ikkje så rask som for alkalimetalla.
Berylliumoksid er amfotært. Elles er alle oksid av jordalkalimetall basiske.