Jorunn Hanto-Haugse
Jorunn Hanto-Haugse (fødd 1982) er ein norsk fruktbonde, teikneserieskapar og illustratør, oppvaksen i Utitun på Djønno.
Jorunn Hanto-Haugse | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1982 (42 år) |
Yrke | kunstnar, teikneserieskapar |
Språk | nynorsk |
Jorunn Hanto-Haugse har teke bachelorgrad i kunst ved University of Central England i Birmingham. Ho har også studert kunsthistorie og førmoderne visuell retorikk ved Universitetet i Bergen. Som kunstnar har ho hatt separatutstillingar i Bergen og Vadsø, og har også vore med i utstillingar i New York, Liverpool og Seoul.
Hanto-Haugse er særleg vorten kjend for teikneseriane Reveland, Reform 94 og Skulen som alle er skrivne på nynorsk. Seriane hennar går fast i Norsk barneblad, gatebladet Megafon og avisa Hordaland. Dei har tidlegare også gått fast i bladet EON og fagbladet Utdanning. I tillegg er dei innkjøpte av VG, Bergens Tidende, Larsons Gale Verden, Pondus og Nynorsksenteret.
Sidan 2014 er ho også fruktbonde på garden Utitun på Djønno.
Kjelder
endre- Biografi på www.epleogeventyr.no Arkivert 2018-04-07 ved Wayback Machine.
- Djonno.origo.no: Jorunn Hanto-Haugse - Ung kunstnar frå Djønno med eigen teikneserie Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.
- Biografi på www.haugseillustrasjon.no Arkivert 2013-06-11 ved Wayback Machine.