Jorunn Veiteberg
Jorunn Veiteberg (fødd 23. juli 1955 på Stord) er ein norsk kunsthistorikar og kurator, som frå 2002 til 2015 var professor II ved Kunsthøgskolen i Bergen.
Jorunn Veiteberg | |||
Fødd | 23. juli 1955 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | professor, samlar, forfattar, kunsthistorikar | ||
Institusjonar | Statens høgskole for kunsthåndverk og design | ||
Alma mater | Universitetet i Bergen |
Utdanning og karriere
endreVeiteberg er utdanna med magistergrad i kunsthistorie ved Universitetet i Bergen i 1982, og har ein doktorgrad frå 2000 om norske plakatar. Hun har vore redaktør for Kunsthåndverk, i perioden 1998–2007, har vore kurator for utstillingar, og skrive fleire bøker, blant anna om bilethoggaren Ambrosia Tønnesen, turisten Catharine Hermine Kølle og Marianne Heske.
Prisar og utmerkingar
endreI 2010 blei Veiteberg tildelt Norsk Forms Hederspris.[1] I 2013 fekk ho æresprisen til Norske Kunsthåndverkere og i 2015 blei ho kåra til Årets nynorskbrukar.[2] Ho var oppnemnd som medlem av Norsk kulturråd for perioden 2016–2019.[3]
Kjelder
endre- ↑ Hedersprisen 2010 Arkivert 13. desember 2011 på Wayback Machine. fra Norsk Form
- ↑ «Jorunn Veiteberg er Årets nynorskbrukar», Norsk Tidend nr. 2 2015 side 7
- ↑ «Henie Onstad-direktør Tone Hansen ny leder i Kulturrådet». Kulturdepartementet. 18. desember 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Jorunn Veiteberg» frå Wikipedia på bokmål, den 19. mars 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjonar av Jorunn Veiteberg i BIBSYS
- khib.no Arkivert 27. januar 2012 på Wayback Machine. cv
- Norsk videokunstarkiv, Jorunn Veiteberg intervjua av Marit Paasche