José Manuel Martínez

José Manuel Martínez Fernández (fødd 22. oktober 1971) er ein spansk tidlegare langdistanseløpar frå Madrid. Han vart europameister på 10 000 meter i 2002, og tok elles EM-sølv på 10 000 meter i 2006 og i maratonløping i 2010.

José Manuel Martínez

AktivEndra

Martínez store triumf opplevde han under EM i friidrett 2002 i München, der han slo favoritten Dieter Baumann i spurten og vann gullmedaljen på 10 000 meter. I den neste europameisterskapen, i Göteborg i 2006, måtte han eitt trinn ned på sigerspallen. Han vann ein ny sølvmedalje ved EM 2010 i Barcelona, då i maratonløping.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra