Joseph Louis Lagrange

(Omdirigert frå Joseph-Louis Lagrange)

Joseph Louis Lagrange (italiensk Giuseppe Lodovico Lagrangia) (25. januar 173610. april 1813) vert rekna som ein av dei største av matematikarane på 1700-talet. Han vart fødd i den italienske byen Torino og arbeidde både i Italia og Tyskland, men mest i Frankrike. Han døydde i Paris.

Joseph Louis Lagrange

FøddGiuseppe Ludovico Lagrangia
25. januar 1736
Torino
Død10. april 1813
Paris
NasjonalitetFrankrike, Kongedømet Sardinia
Områdematematisk analyse, talteori, analytisk mekanikk, celestmekanikk, kalkulus, matematikk, astronomi
Yrkematematikar, astronom, fysikar, politikar, skribent, universitetslærar
InstitusjonarÉcole normale supérieure
Alma materUniversitetet i Torino
DoktorgradsrettleiarGiovanni Battista Beccaria
EktefelleVittoria Conti, Adélaïde Le Monnier
MedlemRoyal Society
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Kungliga Vetenskapsakademien
Det franske vitskapsakademiet
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Det russiske vitskapsakademiet
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL
Det bayerske vitskapsakademiet
Royal Society of Edinburgh
Det franske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Accademia delle Scienze di Torino

Han var direktør ved institutt for matematikk ved Berlin vitskapsakademi (1766-1787). Han utgav fleire avhandlingar om celestmekanikk, og hovudverket hans er Mêcanique analytique (1788). Her finn ein dei såkalla lagrangeske rørslelikningane for mekaniske system. Han flytta til Paris i 1793 og vart formann for komiteen som utarbeidde det metriske målesystemet.

Lagrange arbeidde òg mykje med talteori og algebra. Han gav fleire viktige bidrag til teorien for differensiallikningar, og likningsteorien hans låg til grunn for undersøkinga til Niels Henrik Abel av femtegradslikninga. Lagrange prøvde å utvikle integralrekninga, men kom ikkje fram til nokre tilfredsstillande resultat på denne oppgåva.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre