Giovanni Battista Beccaria
Giovanni Battista Beccaria (3. oktober 1716–27. mai 1781) var ein italiensk fysikar, fødd i Mondovì. Han var medlem av den religiøse ordenen til Dei fromme skulane frå 1732, der han studerte, og seinare underviste i, grammatikk og retorikk. Samstundes lærte han seg matematikk.[1]
Giovanni Battista Beccaria | |||
| |||
Fødd | Francesco Ludovico Beccaria 3. oktober 1716 Mondovì | ||
---|---|---|---|
Død | 27. mai 1781 Torino | ||
Område | fysikk | ||
Yrke | fysikar, universitetslærar, romersk-katolsk prest | ||
Institusjonar | Universitetet i Palermo La Sapienza Universitetet i Torino | ||
Medlem | Royal Society |
Han vart professor i eksperimentell fysikk, først ved Universitetet i Palermo, så Universitetet La Sapienza i Roma og fekk deretter ei liknande stilling ved Torino i 1748. Han underviste sidan fyrstesøner av Chablais- og Carignan-ættene, og budde sidan i Torino. I mai 1755 fekk «fellow»-medlemskap i Royal Society i London, og publiserte fleire artiklar om elektrisitet i Philosophical Transactions of the Royal Society.
Beccaria gjorde mykje, både gjennom eksperiment og framstillingar, for å spreie kunnskapen om den elektriske forskinga til Benjamin Franklin og andre.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Giovanni Battista Beccaria» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Chisholm, Hugh, red. (1911). Encyclopædia Britannica (på engelsk) (11. utg.). Cambridge University Press.