Joseph Stiglitz
Joseph Eugene Stiglitz (fødd 9. februar 1943) er ein USA-amerikansk samfunnsøkonom, fødd i Gary i Indiana, og leiande talsmann for nykeynesianismen. For arbeidet med å analysere marknader med «asymmetrisk information» vart han i 2001 tildelt Nobelprisen i økonomi, saman med to andre økonomi-forskarar.
Liv og gjerning
endreStiglitz er ein vitskapsmann som har bidrege mykje med ny og verdifull forsking, og som har vore ein ivrig samfunnsdebattant og politisk aktør. I perioden frå 1995 til 1997 leidde han president Bill Clinton sitt råd av økonomar, medan han frå 1997 til 2000 var sjeføkonom i Verdsbanken.
I 2001 tok Stiglitz imot Sveriges Riksbanks økonomipris til minne om Alfred Nobel, saman med George Akerlof og Michael Spence, «för deras analys av marknader med asymmetrisk information» som til dømes forsikrings- og kredittmarknadene og utviklingsøkonomiar. Stiglitz gav i 2002 ut boka Globalization and its discontents (Globalisering: en stor desillusjon) der han kritiserer særleg Pengefondet (IMF) for å ha mislukkast i kampen mot global fattigdom. I oppfylgjaren Making globalization work frå 2006, på norsk Globalisering som virker (2008) kjem han med forslag til korleis globaliseringa kan fungere betre.
I september 2008 hevda Stiglitz at den globale finanskrisa kom av Irak-krigen. Han sa at «krigshungrige republikanske presidentar legg frøet til dei store økonomiske krisene i verda», og «Krigen i Irak var dårleg planlagd, noko som gjorde at USA vart tvinga til å bli i landet i lang tid. Krigen vart kostbar, og det oppstod eit underskot i statsfinansane. For å dekke dette underskotet måtte regjeringa i USA ta opp store lån».[treng kjelde]
Stiglitz meiner at ein perfekt marknad er svært sjeldan, eit syn tvert mot den nyklassiske skulen i økonomifaget. Han hevdar at dei fleste marknader har systematiske manglar, noko som grunngjev at det er trong for omfattande politiske tiltak i mange marknader.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Joseph Stiglitz» frå Wikipedia på engelsk, den 4. mai 2016.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |