Opna hovudmenyen

Jostedal kyrkje

kyrkje i Luster kommune

Koordinatar: 61°35′14″N 7°17′0″E

Jostedal kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sogn
Sokn Jostedal
Fellesråd Luster
Type Langkyrkje
Teknikk Tømra
Material Tre
Innvigd ca. 1660
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 120
Wikimedia Commons: Jostedal kirke

Jostedal kyrkje står ved Jostedøla i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane og er ei langkyrkje i tre som stod ferdig i 1660. Kyrkja er soknekyrkje i Jostedal sokn i Sogn prosti.

Jostedal kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Jostedal kyrkje
Kyrkja fotografert i 1926.

Dette er den andre kjende kyrkja på staden. Den fyrste var truleg ei stavkyrkje som vart bygd i mellomalderen, kanskje på 1200-talet. Det er kjent frå to diplom daterte til 1318/19 og 1322/23 at Jostedalen hadde kyrkje og prest. Ein gong etter Svartedauden vart Jostedalen lagt øyde, og bygda vart truleg ikkje teken opp att før i andre halvdel av 1500-talet. Den fyrste skriftlege kjelda ein har etter Svartedauden er ei skatteliste datert til 1596 som fortel kva ytingar presten skulle ha frå bøndene. I samband med nyryddinga hadde ein truleg sett den gamle stavkyrkja i stand. På ei synfaring i 1656 vart det slege fast at kyrkja var for dårleg, og at ei ny skulle byggjast, og ein har eit synfaringsdokument datert 2.10.1660 som fortel at den nye kyrkja då stod ferdig. Ho er seinare påbygt fleire gonger. Kyrkjerommet vart dekorert av Moses Målar i 1716. I samband med 350-årsjubileet i 2010 vart det gjeve ut ei stor praktbok om kyrkja.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra