Jotundekket er ei fleire kilometer tjukk skive av sterkt omvandla prekambriske djupbergartar, særleg gabbro, anortositt, jotunitt, mangeritt og ultramafiske bergartar) i indre Sogn og Jotunheimen. Bergartane er tyngre og meir motstandsdyktige mot nedbryting enn berggrunnen omkring og dannar dei høgaste fjella i landet. Dei opphavlege prekambriske bergartane oppstod for mellom 1690 og 1250 millionar år sidan og er seinare vorte omdanna. I Indre sogn er dei gjennomsette av ein ca. 450 millionar år gammal lys granodiorittisk eller trondhjemittisk bergart som i Årdal har vore broten som bygningsstein.

Bergartane vart utsette for erosjon i seinprekambrium og kambriumordovicium og så dekte med sedimentære avleiringar. Under den kaledonske orogenesen for kring 425 millionar år sidan vart jotundekket med overliggande sediment skyvd fleire hundrekilometer søraustover og stundom over yngre avleiringar. Jotundekket ligg derfor i dag oppå yngre fylitt og kvartsskifer.

Kjelder

endre

«Jotundekket» av Inge Bryhni i Store norske leksikon, snl.no.