Jouko Sihveri Törmänen (10. april 19543. januar 2015) var ein finsk skihoppar frå Rovaniemi. Han vart olympiameister i storbakkerennet under OL 1980 i Lake Placid. I 2004 vart han leiar for hoppkomiteen i det internasjonale skiforbundet (FIS).

Jouko Törmänen


Statsborgarskap Finland
Fødd 10. april 1954
Rovaniemi
Død

3. januar 2015 (60 år)
Rovaniemi

Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1976, Skihopping under Vinter-OL 1980 – Stor bakke

Aktiv

endre

Törmanen var ikkje fylt fjorten år då han 6. januar 1968 debuterte i den tysk-austerrikske hoppveka. Frå 1972 til -82 deltok han i samtlege hoppveker, men kom einast ein gong på pallen, i Innsbruck 1978 vart han nummer tre.

Törmänen deltok i sin fyrste store meisterskap i ski-VM 1974 i Falun. Her overraska han stort og vart beste finne på femteplass i storbakken. Fire år seinare kom han på sjetteplass i storbakkerennet under VM på finsk "heimebane" i Lahti, rennet vart vunne av landsmannen Tapio Räisänen. I mellomtida hadde Törmänen vorte nummer 10 i storbakken Bergisel under vinter-OL 1976 i Innsbruck.

Törmanen gjekk heilt til topps i den store bakken under vinter-OL 1980 i Lake Placid i den USA-amerikanske delstaten New York. Med 271,0 poeng vann han ein klar siger, 8,6 poeng framom Hubert Neuper frå Austerrike. 11. mars 1980 vann Törmanen sin einaste verdscupsiger, under Svenska skidspelen i Falun.

Törmanen vart finsk meister i normalbakken både i 1976, -77, -79 og -80.

Idrettsleiar

endre

I 2004 tok Törmanen over stillinga som formann i hoppkomiteen i FIS etter nordmannen Torbjørn Yggeseth. Han beheldt denne stillinga i ei årrekkje.[1]

Kjelder

endre

Fotnotar

endre

Bakgrunnsstoff

endre