Joy of a Toy
Joy of a Toy Studioalbum av Kevin Ayers | ||
Språk | engelsk | |
Innspelt | 17. juni til 11. september 1969 i Abbey Road Studios i London | |
Sjanger | Rock, Psykedelisk Pop | |
Lengd | 41:30 | |
Selskap | Harvest | |
Produsent | Kevin Ayers & Peter Jenner | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Kevin Ayers-kronologi | ||
Joy of a Toy | Shooting at the Moon (1970)
|
Joy of a Toy er debutalbumet til Kevin Ayers, eit av medlemmane som starta Soft Machine. Den underlege og unike visjonen er ein klår indikasjon på korleis Soft Machine kunne ha utvikla seg om Ayers framleis hadde vore med. Med seg på albumet har han kollegaene sine frå Soft Machine, Robert Wyatt, Mike Ratledge og Hugh Hopper.
Etter ein Soft Machine-turne i USA med Jimi Hendrix Experience valde Ayers å trekkje seg frå musikkindustrien. Hendrix gav Ayers ein akustisk Gibson J-200 gitar mot han lovde å halde fram å skrive songar. Ayers trekte seg attende til ei lita leilegheit i London der han skreiv og arrangerte heile albumet, som han så presenterte for det nye selskapet til Malcolm Jones, Harvest der vart spelt inn av Peter Jenner for den då store summen av £4000.
Joy Of A Toy inneheld mange av dei mest kjende songane til Ayers, frå «The Lady Rachel» til «Girl On A Swing». Sistnemnde vert framleis spel av andre artistar i dag, som Candie Payne og The Ladybug Transistor. Det varpå Joy Of A Toy at Ayers utvikla den klangfulle vokalen sin, avantgarde songar og ein kjærleik for bisarre instrumenteringar som hadde ringverkander langt inn i 1970-åra og til og med heilt til i dag.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Kevin Ayers.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Joy of a Toy Continued» | 02:54 |
2. | «Town Feeling» | 04:54 |
3. | «The Clarietta Rag» | 03:20 |
4. | «Girl on a Swing» | 02:49 |
5. | «Song for Insane Times» | 04:00 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Stop This Train (Again Doing It)» | 06:05 |
7. | «Eleanor's Cake (Which Ate Her)» | 02:53 |
8. | «The Lady Rachel» | 05:17 |
9. | «Oleh Oleh Bandu Bandong» | 05:35 |
10. | «All This Crazy Gift of Time» | 03:57 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «Religious Experience (Singing a Song in the Morning)» (med Syd Barrett [take 9]) | 04:46 |
12. | «The Lady Rachael» (Extended First Mix) | 06:42 |
13. | «Soon Soon Soon» | 03:23 |
14. | «Religious Experience (Singing a Song in the Morning)» (take 103) | 02:50 |
15. | «The Lady Rachael Single Version» | 04:51 |
16. | «Singing a Song in the Morning» (singelversjon) | 02:52 |
Medverkande
endre- Kevin Ayers - Gitarar, bass og vokal
- Robert Wyatt - Trommer
- David Bedford - Piano, arrangør
- Mike Ratledge - Orgel
- Hugh Hopper - Bass (1 & 5)
- Paul Buckmaster - Cello
- Rob Tait - Trommer (6 & 9)
- Paul Minns - Obo
samt på «Religious Experience» / «Singing A Song In The Morning» :
- Syd Barrett - Gitar (1b)
- Richard Sinclair - Bass
- Richard Coughlan - Trommer
- David Sinclair - Orgel
- The Ladybirds - Korvokal
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Joy of a Toy» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Kevin Ayers by Richard Williams (Melody Maker Apr 25, 1970)
- Joy of a Toy liner notes by Mark Powell (EMI 2003)
- Joy of a Toy liner notes by Martin Wakeling (Harvest Sept 2006)