Mike Ratledge

britisk komponist

Michael Ronald «Mike» Ratledge (fødd 1943) er ein britisk musikar. Ratledge var ein del av Canterbury scene og lenge medlem av Soft Machine.[1]

Mike Ratledge
Føddapril 1943 (80 år)
FødestadMaidstone
FødenamnMichael Ronald Ratledge
OpphavMaidstone i Kent i England
Aktivtidleg i 1960-åra til kring 1995
Sjangerpsykedelisk rock, progressiv rock, Canterbury scene, jazz, frijazz, jazzfusion, reklamemusikk, New Age
Instrumentpiano, orgel, elektrisk piano, synthesizerar, fløyte
Kjende instrumentLowrey Holiday De Luxe orgel, Hohner Pianet, Wurlitzer-piano, Fender Rhodes-piano
Tilknytte artistarSoft Machine, Karl Jenkins
PlateselskapABC Probe, Columbia, Harvest
Verka somkomponist, jazzmusikar
Gift medMarsha Hunt

Biografi endre

Mike Ratledge var fødd i Maidstone i Kent. Som born fekk han opplæring i klassisk musikk, den einaste musikken som vart spelt heime hos foreldra. Han lærte å spele piano og med venen Brian Hopper, som han møtte på Simon Langton School i Canterbury, spelte han stykke for klassisk piano og klarinett.

Ratledge møtte òg den yngre broren til Brian, Hugh, og Robert Wyatt. I 1961 møtte han Daevid Allen, som gjorde dei interesserte i å spele jazz. Gjennom pianostykka til Cecil Taylor vart Ratledge kjend med musikken til Thelonious Monk, Miles Davis og John Coltrane. I 1963 spelte han i Daevid Allen Trio.

I motsetnad til venene sine, ønskte Ratledge å fullføre utdanninga si og studerte ved University College i Oxford, der han fekk utdanning i psykologi og filosofi. Samstundes tok han musikktimar og fekk opplæring hos avantgarde-musikarane Mal Dean og Rab Spall. Etter dette ønskte Ratledge å gå på eit universitet i USA, men søknaden hans vart send inn for seint.[2]

I 1966 danna venene hans eit nytt band og bad Ratledge om å bli med i Soft Machine i lag med Robert Wyatt, Daevid Allen og Kevin Ayers. I åra som følgde var det mange utskiftingar i bandet og i 1973 var Ratledge det einaste opphavlege medlemmet som var att.

I november 1974 deltok Ratledge på innspelinga av Mike Oldfield sin Tubular Bells for BBC.[3]

I 1976 valde Ratledge å forlate Soft Machine og fortsette som soloartist. Han etterlet bandet til Karl Jenkins. Han bygde seg sjølv eit studio, men soloalbumet vart aldri gjeven ut. Ratledge lagde derimot musikk for filmane Riddles of the Sphinx (1977),[4] Crystal Gazing (1982).[5] og The Bad Sister (1983).[6] for regissøren Laura Mulvey.

Ratledge var ein viktig person i Canterbury-miljøet. Som det mest langvarige medlemmet av Soft Machine utvikla han bandet frå psykedelisk musikk til jazzrock. I 1980-åra skreiv Ratledge mykje musikk for reklamar.

Kjelder endre