Julie Andersland

norsk politikar

Julie Songstad Andersland (fødd 17. januar 1978) er ein norsk politikar for Venstre. Ho er leiar for Venstre si bystyregruppe i Bergen og tidlegare byråd for klima, kultur og næring.

Julie Andersland

Fødd17. januar 1978 (46 år)
Bergen
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, statsvitar
Utdanna vedUniversitetet i Bergen
FarGeir Kjell Andersland

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

Julie Andersland er dotter av tidlegare byråd Geir Kjell Andersland.[1]

Andersland vart cand.polit. med hovudfag i sammenliknande politikk frå Universitetet i Bergen i 2004. Frå 2004 til 2011 var ho praktikant, seinare senioranalytikar for berekraftige investeringar i Storebrand i Oslo.[2]

Politikk endre

Andersland har vore medlem av sentralstyret til Unge Venstre og leiar i Bergen Unge Venstre.[3][4] Frå 1999 til 2003 var ho medlem av bydelsstyret for Bergenhus. Ho vart fyrste gong vald inn på fast plass i Bergen bystyre i 2003, då ho også vart leiar i bystyregruppen til Venstre. Ho tredde ut i 2004.[4][5][1]

I 2011 vart Andersland på nytt vald inn i Bergen bystyre, og ho vart gruppeleiar for Venstre.[5][2] Frå 2015 til 2019 var ho byråd for klima, kultur og næring i Bergen kommune.[2][6] Ho vende så tilbake til bystyret som gruppeleiar.[2][7]

Anna virke endre

Andersland er styreleiar i Bergen Kunstforening og styremedlem ved Nationaltheateret.[2] I 2022 vart ho direktør for Bergen Offentlige Bibliotek.[8]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Målsnes, Ola Henning (8. juni 2004). «Venstre-Julie forlater bergenspolitikken». Bergensavisen: 11. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Julie Anderslands profil». LinkedIn. Henta 15. oktober 2021. 
  3. «Andersland leder Bergen Unge Venstre». Bergens Tidende: 2. 2. oktober 2001. 
  4. 4,0 4,1 «Julie Andersland». Bergen Venstre. 8. mars 2011. Henta 15. oktober 2021. 
  5. 5,0 5,1 «Andersland, Julie Songstad (V)». Politikerregister i Bergen kommune (avsluttet). Arkivert frå originalen 8. august 2018. Henta 15. oktober 2021. 
  6. Chamdid, Fayroz (20. oktober 2015). «Her er det nye byrådet i Bergen». NRK Vestland. Henta 15. oktober 2021. 
  7. «Andersland, Julie Songstad (V)». Politikerregister i Bergen kommune. Henta 15. oktober 2021. 
  8. «Julie Andersland blir ny direktør for biblioteket». Bergen kommune. Henta 1. april 2022.