Nationaltheatret

(Omdirigert frå Nationaltheateret)

59°54′51.984″N 10°44′3.6636″E / 59.91444000°N 10.734351000°E / 59.91444000; 10.734351000

Hovudinngangen til Nationaltheatret, øvst står det skreve Nationalttheater og under over buevindauga til foajeen Ibsen, Holberg og Bjørnson. Til venstre foran inngangen står skulpturen av Henrik Ibsen, til høgre Bjørnstjerne Bjørnson, begge av Stephan Sinding.
Foto: Andy Mitchell
Teatret sett på skrå bakfrå frå området utafor Nationaltheatret stasjon.
Foto: Bjørn Erik Pedersen
«Nationaltheatret i Kristiania - Salonen» frå boka Nationaltheatret i Kristiania av ukjent forfattar frå 1899. Tilhøyrer Nasjonalbiblioteket.

Nationaltheatret i Oslo er, ved sida av Den Nationale Scene og Det Norske Teatret, ei av dei tre norske hovudscenene for teaterkunst. Bygningen som har fasadar i hovudsak av gul maskintegl og granitt, vart teikna av arkitekt Henrik Bull, som vann ei arkitekttevling om oppdraget i 1891.[1]

Den opphavlege teatersalen (Hovedscenen) er innreidd i nyrokokkostil. I tillegg er det seinare innreidd to andre scener i bygningen: Amfiscenen og Malersalen. Teatret opna den 1. september 1899. Bygningen vart freda etter lov om kulturminne i 1983.

Bull teikna òg sjokoladen Lohengrin som frå 1911 og nokre år framover berre var til sals i Nationaltheatret.

Den første sjefen på Nationaltheatret var Bjørn Bjørnson, son til Bjørnstjerne Bjørnson. Teatersjef frå 1. januar 2009 er Hanne Tømta.[2]

Den administrative delen av Torshovteatret er òg tillagt Nationaltheatret.

Teatersjefar endre

Sjå òg endre

Nationaltheatret stasjon

Kjelder endre

  1. Knut Are Tvedt side 380
  2. «Fire nye år som teatersjef» (Pressemelding). Nationaltheatret. Henta 8. november 2014. 

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre