Julija Olegovna Samojlova (fødd 7. april 1989) er ein russisk songar og låtskrivar. Samojlova sit i rullestol på grunn av ein arveleg muskelsjukdom og vart nasjonalt kjend i Russland då ho vart nummer to i Faktor A, den russiske utgåva av X Factor, i 2013. Samojlova skulle ha representert Russland i Eurovision Song Contest 2017 i Kyiv i Ukraina, men ukrainske styresmakter nekta ho innreise til landet. Årsaka var at Samojlova ifølgje Ukraina hadde brote ukrainsk lov ved å vitja Krim etter den russiske annekteringa i 2014. Striden enda med at Russland trekte seg frå tevlinga, og Samojlova deltok i staden i Eurovision Song Contest 2018 der ho vart slått ut i semifinalen.[1][2][3]

Julija Samojlova

Fødd7. april 1989 (35 år)
FødestadUkhta
FødenamnЮлия Олеговна Самойлова
OpphavRussland
Aktiv2013–
Sjangerestrada, poprock, indiepop
Instrumentvokal
PlateselskapONErpm
Verka somsongar, komponist, lyrikar, skribent
PrisarAlla's Golden Star

Bakgrunn endre

Samojlova er fødd i Ukhta, ein industriby i republikken Komi, like vest for Uralfjella. Ho vart fødd funksjonsfrisk, men som liten byrja ho gradvis å mista førligheten i beina på grunn av den arvelege sjukdomen spinal muskelatrofi. Ho har difor brukt rullestol sidan barndomen.[4][5]

Sjølv hevdar Samojlova at den arvelege sjukdomen vart utløyst av ein poliovaksinasjon, men fagfolk og nevrologar avviser ein slik samanheng.[6][7] For å prøve å stoppe sjukdomen, sende foreldra ho til ei rekkje meir eller mindre seriøse behandlingar. Helsa vart ytterlegare forverra, og Samojlova omtalar fleire av behandlarane som «sjarlatanar».[4] Fyrst då ho slutta på dei alternative behandlingane, vart helsa betre, men ho sit framleis i rullestol.

Samojlova starta songkarrieren då ho opptredde for oljearbeidarar i ein restaurant i heimbyen Ukhta.[8] I 2008 starta ho bandet TerraNova, som spelte tung, alternativ musikk. Gruppa vart oppløyst i 2010. Ho har òg studert psykologi.

Faktor A endre

I 2013 deltok Samojlova i den tredje sesongen av Faktor A, den russiske utgåva av X Factor.[4] Samojlova enda til slutt på ein andreplass i talentshowet, og fekk med det sitt nasjonale gjennombrot i Russland. I 2014 deltok ho blant anna i opningsseremonien under Paralympiske vinterleikar i Sotsji.[9]

Eurovision Song Contest endre

Trass det anspente politiske tilhøvet landa mellom, valde Russland deltaking i Eurovision Song Contest 2017 i Ukraina.[10] 12. mars 2017 offentleggjorde den russiske kringskastaren Pervyj kanal at Samojlova skulle representere Russland med songen «Flame Is Burning».

Kort tid etter kunngjeringa oppstod det likevel kontroversar omkring deltakinga til Samojlova.[11] Det viste seg at ho hadde halde konsert på Krim i 2015, og ho hadde reist inn til Krim via Russland. Den ukrainske tryggleikstenesta SBU meinte difor at Samojlova hadde teke seg ulovleg inn på ukrainsk territorium. 22. mars 2017 vedtok ukrainske tryggleiksmyndigheiter å gje den russiske artisten eit innreiseforbod på tre år til Ukraina.[12]

Avgjerda vekte sterke reaksjonar både i Russland og elles i Europa.[12] Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) uttalte at dei var «djupt skuffa over denne avgjerda, fordi vi følar dette strid mot både ånda til tevlinga og den inkluderande tankegangen som er ein grunnstein i verdiane til tevlinga».[13] Pro-russiske Bjørn Nistad, som har doktorgrad i russisk idéhistorie, kalla utestenginga til Ukraina for «hårreisende». Nistad meinte òg at det var «absurd at Ukraina gjør dette i politisk øyemed. De som selv vant med en politisk låt» – og sikta til den kontroversielle vinnarlåten til Ukraina «1944».[14]

Andre igjen meinte at det russiske artistvalet var ein medviten russisk provokasjon, sidan russisk fjernsyn visste – eller burde ha visst – at Samojlova hadde vitja Krim etter annekteringa i 2014.[15][14][16] Som ei kriseløysing tilbaud EBU Samojlova å framføre sitt bidrag direkte frå Russland via satellitt under semifinalen og eventuelle finalen. Noko slikt har aldri tidlegare skjedd før i historia til konkurransen.[17][18] Russisk fjernsyn avviste likevel løysinga, og kalla det for eit «rart forslag». Tv-kanalen stod fast på at Julija Samojlova var artisten til Russland, og at ho måtte få deltake på like vilkår som dei andre deltakarane i Eurovision Song Contest.[19][20]

Ukrainske styresmakter valde likevel å oppretthalde innreiseforbodet mot Samojlova. Russiske Kanal 1 gjorde det samstundes klårt at dei ikkje ville byta ut Samojlova med ein annan artist, eller la ho framføre songen via satellitt frå Russland. Kanalen opplyste òg at dei heller ikkje ville overføra sendingane frå Kiev.

13. april 2017 vart Russland til slutt tvinga til å trekkje seg frå tevlinga. Avgjerda vart sterkt beklaga av EBU, som fordømde det ukrainske innreiseforbodet og meinte det «undergrev integriteten og den ikkje-politiske naturen» til tevlinga.[2]

Som eit plaster på såret fekk Samojlova i staden representere Russland ved Eurovision Song Contest i 2018.[21][3] Der deltok ho med låten «I Won't Break» som vart slått ut i semifinale 2. Dette var fyrste gongen at Russland ikkje nådde ein finale etter innføringa av semifinalar i 2004.

Kjelder endre

  1. «Russia's flame for Eurovision is still burning, Julia Samoylova to Kyiv». eurovision.tv. 12. mars 2017. Henta 25. mars 2017. 
  2. 2,0 2,1 «EBU: "Russia no longer able to take part in Eurovision 2017"». eurovision.tv. 13. april 2017. Henta 14. april 2017. 
  3. 3,0 3,1 Jordan, Paul (29. januar 2018). «Yulia Samoylova set to return for Russia!». eurovision.tv. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Russia's Yulia Samoilova becomes second singer in wheelchar to compete at Eurovision». Wiwibloggs. 12. mars 2017. Henta 26. mars 2017. 
  5. «Eurovision in Ukraine: Controversy over Russian entry». BBC News. 13. mars 2017. 
  6. «Spinal muskelatrofi». Frambu. Henta 26. mars 2017. 
  7. «Spinal Muskelatrofi». Store medisinske leksikon. snl.no. 7. juli 2016. Henta 26. mars 2017. 
  8. Luhn, Alec (13. mars 2017). «Russia strikes provocative note for Eurovision in Ukraine». The Guardian. 
  9. «Yulia Samoylova to represent Russia at the Eurovision Song Contest 2017». eurovoix.com. 12. mars 2017. Henta 26. mars 2017. 
  10. Sanjay (Sergio) Jiandani (31. oktober 2016). «Russia: Channel 1 Russia confirms participation in Eurovision 2017». eurovision.tv. Henta 28. desember 2016. 
  11. Braseth, Sofie (14. mars 2017). «Rasende for at Russland skal sende Yuliya (27) til Eurovision». Dagbladet.no. 
  12. 12,0 12,1 Johansen, Øystein David (22. mars 2017). «Nekter russisk Eurovision-deltaker adgang til Ukraina». VG Nett. 
  13. «Statement from the EBU regarding Russia's participation in the 2017 Eurovision Song Contest». eurovision.tv. 22. mars 2017. Henta 25. mars 2017. 
  14. 14,0 14,1 Madshus, Karin (22. mars 2017). «– Russlands utestengelse kan bety slutten for Melodi Grand Prix». Dagbladet.no. 
  15. «Grand Prix-krig mellom Russland og Ukraina: Slik ble konkurransen til storpolitikk». NRK.no. 15. mars 2017. Henta 25. mars 2017. 
  16. Aune og Falch-Nilsen, Oddvin og Kirsti (22. mars 2017). «Ukraina utestenger russisk Eurovision-artist». NRK.no. 
  17. Sivertsen, Eirin Venås (23. mars 2017). «EBU vil la russiske Julia Samojlova opptre via satellitt». NRK.no. 
  18. «EBU offers Russian singer opportunity to perform via satellite». eurovision.tv. 23. mars 2017. Henta 25. mars 2017. 
  19. «Russland vil ikke la Eurovision-bidrag framføres via satellitt». NTB/ ABC Nyheter. 23. mars 2017. 
  20. Sivertsen, Eirin Venås (23. mars 2017). «Vil ikke satellittoverføre Russlands ESC-bidrag». NRK.no. 
  21. Royston, Benny (23. mars 2017). «Russia hits back at Ukraine over Eurovision Song Contest ban». Metro.co.uk (på engelsk).