Julija Zaripova

(Omdirigert frå Julija Saripova)

Julija Mikhajlovna Zaripova[a] (fødd Ivanova26. april 1986) er ein russisk hinder- og langdistanseløpar frå Volgograd oblast som vann gullmedaljen på 3000 meter hinder under EM i friidrett 2010, VM i friidrett 2011 og Sommar-OL 2012. Ho mista OL-medaljen i 2016 for brot på dopingreglementet.[1]

Julija Zaripova


Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 26. april 1986 (38 år)
Svetly Yar
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2012
Utmerkingar Venskapsordenen
Julija (Zarudneva) Zaripova vinn spurten mot Marta Domínguez under friidretts-EM 2010 i Barcelona

Aktiv

endre

Ho vart russisk meister på 3000 m hinder i 2009. Under friidretts-VM i Berlin same året vann ho sølvmedaljen i øvinga på den gode tida 9.08,3, eitt sekund bak verdsmeisteren Marta Domínguez frå Spania. Året etter vart posisjonane omsnudd under europameisterskapen i Barcelona. Då vann Zaripova spurten med knapp margin og vart europameister med 9.17,5.

I 2011 vart Zaripova verdsmeister på 3000 m hinder på suverent vis. Vinnartida 9.07,0 var årsbeste i verda, og ho slo sølvmedaljøren Habiba Ghribi frå Tunisia med nær fem sekundar. Kruna på verket sette Zaripova i 2012. Under sommarleikane i London vart ho olympisk meister med tida 9,06,7, på ny vart det ein sølvmedalje til Ghribi som fekk notert 9.08,3. Elleve dagar etter ho vann OL-gullet forbetra Zaripova sin personlege hinderrekord til 9.05,0 då ho vann hinderløpet under eit DL-stemne i Stockholm.

Merknadar

endre
  1. Russisk skrift Юлия Михайловна Зарипова

Referansar

endre
  1. «Zaripova mister OL-gullet». NRK. 21. november 2016. Henta 6. mars 2023. 

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre