Planet Heights
Planet Heights er ei rekkje toppar langs ein isfri rygg som strekkjer seg 24 nautiske mil (44 km) frå nord til sør mellom sørenden av LeMay Range og George VI Sound aust på Aleksanderøya i Antarktis. Mange landformer og nærliggande stader er namngjeve etter plasseringa ved denne fjellkjeda, somme etter astronomar, månar, planetar og andre ting knytte til astrologi og astrofysikk. Fjellkjeda vart først kartlagd frå flyfoto tekne av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), 1947–48, av Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1960. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter plasseringa nær breane kalla opp etter planetar i solsystemet. Den einaste planeten som ikkje er nemnd blant desse isbreane er jorda.
Planet Heights | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Aleksanderøya | ||
- koordinatar | 71°13′S 68°47′W / 71.217°S 68.783°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Planet Heights 71°13′00″S 68°47′00″W / 71.2167°S 68.7833°W | |||
Isbrear
endreKjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Planet Heights» (innhald frå Geographic Names Information System).