Mercurybreen er ein isbre på austkysten av Aleksanderøya i Antarktis, 9 km lang og 3,5 km brei, som flyt aust og ut i George VI Sound og som ligg mellom Waitabit Cliffs og Keystone Cliffs. Sjølv om Mercurybreen ikkje ligg i Planet Heights, er han i lag med nærliggande isbrear kalla opp etter planetar i solsystemet. Isbreen vart truleg oppdaga frå avstand av Lincoln Ellsworth, som flydde nær han og fotografert delar av denne kysten den 23. november 1935. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter planeten Merkur etter ei grov landmåling av George VI Sound av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1948 og 1949. Han vart kartlagt i detalj frå flyfoto tekne under Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), 1947–48, av Searle frå FIDS i 1960.

Mercurybreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Aleksanderøya
 - koordinatar 71°34′S 68°14′W / 71.567°S 68.233°W / -71.567; -68.233
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Mercurybreen
71°34′00″S 68°14′00″W / 71.5667°S 68.2333°W / -71.5667; -68.2333
Mercurybreen is located in Antarktis
Mercurybreen (Antarktis)

Sjå òg endre

Kjelder endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mercury Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).