Jupp Heynckes
Josef Heynckes, kjend som Jupp Heynckes, (fødd 9. mai 1945) er ein tysk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Mönchengladbach. Med Borussia Mönchengladbach var han med om å vinne Bundesliga fire gonger, UEFA-cupen 1975 og den nasjonale DFB-pokalen i 1973. Vest-Tyskland sitt landslag vann Fotball-EM 1972 og VM i fotball 1974 på heimebaner med Heynckes i mannskapet. Etter han la fotballskoa på hylla i 1978 hadde Heynckes stor suksess som lagsjef i fleire av dei mektigaste fotballklubbane i Europa.
Jupp Heynckes i 2013 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Josef Heynckes | ||
Fødselsdato | 9. mai 1945 (79 år) | ||
Fødestad | Mönchengladbach i Tyskland | ||
Høgd | 180 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1963-1967 | Borussia M'gladbach | 82 | (50) |
1967-1970 | Hannover 96 | 86 | (25) |
1970-1978 | Borussia M'gladbach | 226 | (168) |
Totalt | 394 | (243) | |
Landslag | |||
1967-1976 | Vest-Tyskland | 39 | (14) |
Trenar for | |||
1979-1987 | Borussia M'gladbach | ||
1987-1991 | Bayern München | ||
1992-1994 | Athletic Bilbao | ||
1994-1995 | Eintracht Frankfurt | ||
1995-1997 | Tenerife | ||
1997-1998 | Real Madrid | ||
1999-2000 | Benfica | ||
2001-2003 | Athletic Bilbao | ||
2003-2004 | Schalke 04 | ||
2006-2007 | Borussia M'gladbach | ||
2009 | Borussia M'gladbach | ||
2009-2011 | Bayer Leverkusen | ||
2011-2013 | Bayern München | ||
2017-2018 | Bayern München | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Spelar
endreKlubbspel
endreHeynckes spelte på laget frå heimbyen frå 1963 til -67 og viste seg som ein flittig målskårar. Han vart overført til Hannover 96, men lukkast ikkje på same måte der, så i 1970 gjekk han tilbake til Borussia Mönchengladbach. Dei neste åra var han med å vinne både bundesligaen 1971 og den vesttyske cuppokalen i 1973. Han skåra tre av måla då Borussia på bortebane sikra seg sigeren i UEFA-cupen 1975 mot finalemotstandar FC Twente. Perioden 1975-77 sanka klubben med Heynckes som midtspiss tre rake seriegull i Vest-Tyskland. Våren 1977 tapte Borussia og Heynckes finalen i europacupen mot Liverpool FC. Han la opp i 1978.
Landslagsspel
endreGjennom tiårsperioden 1967-76 deltok Heynckes i 39 landskampar og skåra 14 mål. Trass i at han skåra i dei to fyrste landskampane, var det fyrst frå hausten 1970 at han oftare vart nytta på landslaget. Då jamgamle Gerd Müller vart føretrekt som midtspiss for Vest-Tyskland, måtte Heynckes ofte sjå landskampane frå reservebenken. EM-finalen 1972 mot Sovjetunionen spelte derimot begge karane, men både i VM-finalen 1974 og EM-finalen 1976 var Heynckes unytta reserve. I sine seks siste landskampar skåra Heynckes sju mål.
Merittar
endre- Verdsmeister: 1974 for Vest-Tyskland
- Europameister: 1972 for Vest-Tyskland
- EM-sølv: 1976 for Tyskland
- Vinnar av UEFA-cupen: 1975 med Borussia Mönchengladbach
- Vesttysk seriemeister: 1971, 1975, 1976, 1977 med Borussia Mönchengladbach
- Vinnar av DFB-pokalen: 1973 med Borussia Mönchengladbach
- Finaletap i Europacupen: 1977 med Borussia Mönchengladbach
Trenar
endreHeynckes var i tida 1979-2018 lagsjef i Borussia Mönchengladbach i to periodar, Bayern München i fire periodar, Athletic Bilbao i to periodar, og elles i Eintracht Frankfurt, Tenerife, Real Madrid, Schalke 04 og Bayer Leverkusen. Mellom anna leia han Real Madrid til siger i Meisterligaen 1998 og Bayern München i Meisterligaen 2013.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jupp Heynckes» frå Wikipedia på tysk, den 2. september 2018.
- eu-football Arkivert 2018-09-03 ved Wayback Machine.