Juritzen Forlag AS er eit bokforlag i Oslo som vart skipa i februar 2006 av Arve Juritzen. Forlaget gjev ut norsk skjønnlitteratur, biografiar, kriminalromanar, barnebøker, faktabøker og omsett skjønnlitteratur, mellom anna bøkene til den cubansk - USA-amerikanske skjønnlitterære forfattaren Cecilia Samartin i norsk omsetjing: Senor Peregrino (2006), Drømmehjerte (2008) og Salvadorena (2009). Forlaget har òg gjeve ut som bok det upubliserte manuskriptet Universismen av Vidkun Quisling (1887-1945) i redigert utgåve ved Arve Juritzen og Anne-Kristin Strøm.

Bakgrunnsstoff

endre