Juska Savolainen

finsk fotballspelar

Juska Savolainen (fødd 1. september 1983 i Helsingfors) er ein finsk fotballspelar. I 2011-sesongen spelte han på midtbanen for Haugesund i den norske Eliteserien.

Juska Savolainen
Personleg informasjon
Fullt namn Juska Savolainen
Fødd 1. september 1983 (40 år)
Fødestad Helsingfors
Høgd 173 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Haugesund
Nummer 20
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2002-03
2003
2004
2005
2006-07
2008-09
2009
2010-
Nederland Heerenveen
KooTeePee
Hämeenlinna
Allianssi
Tampere United
Noreg Rosenborg
Tampere U. (lån)
Noreg Haugesund
0 (0)
15 (0)
26 (0)
23 (4)
49 (4)
7 (0)[1]
15 (1)
14 (0)[1]
Landslag
2010 Finland 1 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 19. mai 2011

Savolainen drog til SC Heerenveen i Nederland som 18-åring, men vende tilbake til Finland i 2003 utan å ha fått nokon kampar for førstelaget. Dei neste åra spelte han for fleire klubbar i den finske toppdivisjonen. Han var med på å vinna den finske serien to år på rad, i 2006 og 2007, med Tampere United. Før 2008-sesongen fekk han kontrakt med Rosenborg i Noreg. Han debuterte for Rosenborg i serieopninga mot Lyn, men dn 19. mai blei det kjent at han hadde rive av ei sene under foten. Den 10. juni blei det kjent at han måtte operera foten og truleg ville vere ute resten av sesongen.[2] Han klarde aldri å bryta gjennom i trondheimsklubben, og våren 2009 vart han lånt tilbake til Tampere United. Før 2010-sesongen fekk han kontrakt med Haugesund.

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 Norsk og internasjonal fotballstatistikk
  2. "Trolig ute resten av sesongen"[daud lenkje] frå rbk.no, 10. juni 2008

Kjelder endre

Spelarprofil på Haugesund sine nettsider[daud lenkje]

FK Haugesund – Spelarstallen 2013
Målmenn
  1 Per Morten Kristiansen
  12 Olav Baggerud Dalen
Forsvarsspelarar
  2 Joakim Våge Nilsen
  3 David Myrestam
  4 Henrik Kildentoft
  10 Umaru Bangura
  14 Andrés Már Jóhannesson
  15 Martin Bjørnbak
  18 Vegard Skjerve
  19 Kristoffer Haraldseid
Midtbanespelarar
  5 Trygve Nygaard
  6 Håvard Storbæk
  8 Michael Haukås
  11 Tor Arne Andreassen
  13 Eirik Mæland
  16 Ugonna Anyora
  17 Geir Ludvig Fevang
  20 Maic Sema
Angrepsspelarar
  - Christian Gytkjær
  9 Alexander Søderlund
  21 Pontus Engblom
  25 Henrik Kjelsrud Johansen
Trenar
  Jostein Grindhaug