Just Ebbesen

norsk prest

Just Bing Ebbesen (17. april 184724. mai 1929) var ein norsk prest, postmeister og stortingsmann frå Sandefjord.

Just Ebbesen
Fødd17. april 1847
Død24. mai 1929 (82 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkeprest, politikar
FarJørgen Tandberg Ebbesen

Ebbesen var son til ein lege. Han vart student i 1866 og cand. theol. i 1873. Tilsett personalkapellan i Baklandet i Trondheim same året, frå 1875 kallskapellan for same kyrkjelyden. Han var sokneprest i Stangvik 1885-91, då han vart postmeister i Tønsberg.

Ebbesen var 5. representant frå Romsdals amtStortinget 1889-91, medlem av budsjettkomiteen. Han var elles medlem av formannskapet i Stangvik og seinare i Tønsberg. Varaordførar i Tønsberg i fleire år.

Han døydde i Tønsberg i 1929.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

BakgrunnsstoffEndra