Kárpathos (gresk Κάρπαθος, italiensk Scarpanto, tyrkisk Kerpe) er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet.

Kárpathos
Lokalt namn Κάρπαθος
Levkós på Kárpathos
Levkós på Kárpathos
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 35°35′N 27°08′E / 35.583°N 27.133°E / 35.583; 27.133
Øygruppe Dodekanesane

Areal 324,1 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Kárpathos-Kásos
Største busetnad Kárpathos (2 815 innb.)

Demografi
Folketal 6 567 (2021[1])
Folketettleik 20,3 /km²

Tidlegare hadde øya to kommunar, men frå 2011 er Kárpathos ein kommune, og øya høyrer administrativt til under periferieininga Kárpathos-Kásos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2] Kárpathos er hovudstad i periferieininga.

Folketalet er på vel 6 000, men vert meir enn dobla i sommarmånadane då mange turistar kjem her. Stundom kan det vere opp mot 20 000 folk på øya.

Administrativ inndeling endre

 
Den tidlegare kommunen Kárpathos, no kommunaleininga Kárpathos

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 6 567 innbyggjarar, medan kommunaleininga Kárpathos hadde 6 037 og tettstaden med same namn 2 815 innbyggjarar.[1]

Geografi endre

Øya ligg 47 km sørvest for Ródos i delen av Egearhavet kalla «Det karpathiske havet» (Carpathium Mare). Kárpathos har mange landsbyar som har bevart den tradisjonelle stilen på øya. I søraust ligg Pigádia, eller Kárpathos by. Rundt Pigádia ligg landsbyane Menetés, Arkása, Apéri, Voláda, Óthos og Pylés. I nord finn ein Mesokhóri, Spóa og Ólymbos. Det er to hamner på øya, ein i Kárpathos by og den andre i nord nær Ólymbos kalla Diafáni.

Flyplassen på øya, med relativt stor rullebane, ligg på sørsida av Kárpathos. Ferjer går til både dei omliggande øyane og til fastlandet.

Like nord for Kárpathos ligg øya Saría og ute i havet mot nordvest ligg Astakída og somme andre klippeøyar.

Historie endre

Krig og erobringar er ein vesentleg del av historia til Kárpathos. Karpatharane kjempa med Sparta i peloponnesarkrigen i 431 fvt. og mista sjølvstendet sitt til Ródos i 400 fvt. I 42 fvt. vart øya ein del av Romarriket. Dei neste hundreåra vart Kárpathos styrt etter tur av arabarar, den genuesiske sjørøvaren Moresco, venetianarar og Det osmanske riket.

I både antikken og mellomalderen var ho nært knytt til Ródos, og vart eigd av adelsfamliar frå Venezia, mest kjend er Cornarofamilien frå 1306 til 1540, då ho til slutt vart ein del av Det osmanske riket. Som ei ganske fjerntliggande øy har Kárpathos halde sine eigne stilartar innan klede, vanar og dialekt. Dialekten liknar mest på den ein finn på Kreta og Kypros. Det osmanske styret enda då Italia erobra øya, i lag med resten av Dodekanesane, under den tyrkisk-italienske krigen i 1912. Kárpathos vart styrt av italienarane fram til under den andre verdskrigen. Kárpathos vart ein del av Hellas igjen i 1948.

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Kárpathos (Pigádia) Kárpathos 2 707 2 815
Arkása Kárpathos 531 497
Apéri Kárpathos 353 427
Menetés Kárpathos 416 382
Diafáni Ólymbos 228 248

Dei andre busetnadene på øya er:

  • Mesokhóri (247)
  • Óthos (244)
  • Voláda (233)
  • Platýolo (232)
  • Pylés (204)
  • Ólymbos (200)
  • Spóa (188)
  • Lakkí (154)
  • Káto Levkós (114)
  • Kípos Afiárti (100)
  • Levkós (90)
  • Finíki (43)
  • Ájos Nikólaos (36)
  • Avlóna (23)
  • Trístomo (13)
  • Kállenes (11)
  • Stes (9)
  • Lástos (8)
  • Ájos Ioánnis Afiárti (2)
  • Katódio (1)
  • Kyrá Panajá (0)
  • Myrtónas (0)




Småøyar i kommunen:

  • Saría (46)
  • Áfoti (0)
  • Gaidouronísi (0)
  • Despotikó (0)
  • Diakóftis (0)
  • Kharkiás (0)
  • Míra (0)
  • Nisierós (0)
  • Prasonísi (0)
  • Nisí (0)
  • Sókastro (0)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre