Cyanoramphus

slekt av papegøyefuglar
(Omdirigert frå Kākārikiparakittar)

Cyanoramphus er ei biologisk slekt i parakittfamilien Psittaculidae med artar som er stadeigne for New Zealand og øyane i det sørlege Stillehavet. Artane på New Zealand blir ofte referert til med fellesnamnet kākāriki.

Cyanoramphus
Gulkroneparakitt, Cyanoramphus auriceps Illustrasjon av William Thomas Greene, (1884) i Public domain
Gulkroneparakitt, Cyanoramphus auriceps
Illustrasjon av William Thomas Greene, (1884) i Public domain
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Underfamilie: Psittacinae
Slekt: Cyanoramphus
Bonaparte, 1854

Dette er små og mellomstore parakittar med lange halar og ei hovudsakleg grøn fjørdrakt. Dei fleste artane lever i skogshabitat, sjølv om fleire av dei subantarktiske artane lever på ope grasmarker. Dei fleste i slekta har utbreiing innanfor eit område som strekkjer seg frå Ny-Caledonia til Macquarieøya. Slekta hadde tidlegare to artar på Selskapsøyene.

Som mange andre fugleartar har Cyanoramphus-parakittar lidd av endringar orsaka av menneske. I tillegg til dei to artane frå Selskapsøyene, er underartar utrydda på Lord Howe Island og Macquarieøya, og dessutan ein ikkje-skildra form på Campbell Island. Ein art, maoriparakitt, er kritisk truga, medan dei fleste andre artar er truga eller sårbare. Årsaka til nedgangen og utrydding av populasjonane er tap av habitat og introduserte artar.[1]

Artslista

endre

Slekt Cyanoramphus med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [2]

  • Antipodeparakitt, Cyanoramphus unicolor, Antipodes Parakeet, Lear, 1831, (VU)
  • Raudkroneparakitt, Cyanoramphus novaezelandiae, Red-crowned Parakeet, Sparrman, 1787, (NT)
  • Skarlakspanneparakitt, Cyanoramphus hochstetteri, Reischek's Parakeet, Reischek, 1889
  • Skarlakskroneparakitt, Cyanoramphus saisseti, New Caledonian Parakeet, Verreaux & Des Murs, 1860, (NR)
  • Norfolkparakitt, Cyanoramphus cookii, Norfolk Island Parakeet, Gray, 1859, (NR)
  • Gulkroneparakitt, Cyanoramphus auriceps, Yellow-crowned Parakeet, Kuhl, 1820, (NT)
  • Chathamparakitt, Cyanoramphus forbesi, Chatham Islands Parakeet, Rothschild, 1893, (EN)
  • Maoriparakitt, Cyanoramphus malherbi, Malherbe's Parakeet, Souancé, 1857, (CR)

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. Taylor R (1979) How the Macquarie Island Parakeet Became Extinct New Zealand Journal of Ecology 2: 42-45
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Cyanoramphus