Gulkroneparakitt

art av papegøyefuglar
Gulkroneparakitt
Bilete frå Ulva Island ved Stewart Island/Rakiura Foto: Mark S Jobling
Bilete frå Ulva Island ved Stewart Island/Rakiura
Foto: Mark S Jobling
Status
Status i verda: NT Nær truga
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Slekt: Cyanoramphus
Art: Gulkroneparakitt C. auriceps
Vitskapleg namn
Cyanoramphus auriceps

Gulkroneparakitt (Cyanoramphus auriceps), maori kakariki, er ein liten, grøn parakitt. Han er endemisk til New Zealand og lever spreitt på Nordøya, vestlege Sørøya, Stewart Island/Rakiura og på dei subantarktiske Aucklandøyane.

SkildringEndra

Hannfuglar er ca. 25 centimeter med kroppssvekt på 50 gram, hofuglar er noko mindre, 23 cm og veg 40 g. Gulkroneparakittar liknar mykje raudkroneparakitt, og har som denne ei klår grøngul fjørdrakt. Dei skil seg i farger i panne og andlet, gulkroneparakitt har eit raudt band over nebbet og ut til dei raude auga, over det raude feltet har dei gyllengul panne. Ein raud flekk er synleg på undergumpen, dessutan har dei eit blåfiolett område på vengdekkjarane og på nokre ytre handsvingfjører. Halen er relativt lang.

På Nordøya lever gulkroneparakittar i skogkledde område mellom anna i sentrale Taranaki, i Tararuafjella og i Raukumarafjella i nord. På Sørøya er dei spreidde over større område frå vestlege Marlborough og sørover vestlege delar av øya til Fiordland, dessutan i Catlins og i Otago i søraust. Dei finst spreidd over den tredje største øya Stewart Island. Utanom dei tre største øyane i landet kan gulkroneparakittar treffast på mindre øyar, til dømes på Great Barrier Island, Little Barrier Island og på Kapiti Island. Arten lever òg så langt sør som på Aucklandøyane.

Denne parakitten beitar høgt i tre og lever i stor grad av virvellause dyr, særleg skjoldlus, men dessutan plantekost som planteskot, blomar og frø, samt frukt i sesongen. Dei blandar seg ofte med kvithovudmohua eller gulhovudmohua i fleirartsflokkar.

Gulkroneparakittar føretrekk hòle trestammar og greiner til reirplass, dei kan hekke omtrent året rundt. Kullet er vanlegvis på 5-6, maksimum 9 egg. Hoa rugar i 15-20 dagar og ungane kan flyge etter rundt 6 veker.

Arten har status som nær truga, om fuglane finst over store område er dei ikkje vanlege nokon stader. Storleiken på populasjonen er ikkje talfesta, men er minkande.[1]

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. BirdLife International 2012

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gulkroneparakitt