Kęstutis Šapka (fødd 15. november 1949) er ein litauisk tidlegare høgdehoppar frå Vilnius, som tevla for Sovjetunionen. Han vart europameister i øvinga i 1971 og tok sølvmedaljen i EM 1974.

Kęstutis Šapka

Statsborgarskap Litauen, Sovjetunionen
Fødd 15. november 1949 (74 år)
Vilnius
Yrke friidrettsutøvar
Høgd 191 centimeter

Aktiv endre

Sommaren 1971 vann Šapka høgdehopp under europameisterskapen i Helsingfors ved å gå over 2,20 m i sitt fyrste forsøk. Også ungararen Csaba Dosa og Šapkas landslagskollega Rustam Akhmetov klarde 2,20 m, men fyrst i høvesvis andre og tredje forsøk. Dermed var medaljane fordelt, med Šapkas siger hadde ein utøvar som nytta Fosburyflopp for fyrste gong vorte europameister.

I september 1972 vann Jüri Tarmak gullmedaljen under dei olympiske leikane i München med 2,23 m i sluttprotokollen. Šapka, som hadde vorte sovjetmeister det året, presterte ikkje betre enn 2,15 m i finalen og vart nummer tolv.

Våren 1974 sigra Šapka i høgde ved innandørs-EM i Göteborg med 2,22 m. I sommarsesongen vart han sovjetisk meister for andre gong.

Under friidretts-EM 1974 i Roma rauk tsjekkoslovakiske Vladimír Malý, ungarske Istvan Major og polske Jacek Wszoła ut av høgdetevlinga på 2,21 m og vart ståande med 2,19 m på resultatlista, som høvesvis brinsevinnar, fjerde- og femtemann. Dansken Jesper Tørring og Šapka gjekk ikkje berre over 2,21 m, men også 2,23 m i sine fyrste forsøk. Begge to trong to forsøk på 2,25 m, personleg rekord for både Tørring og Šapka. Ingen av dei klarde 2,27 m. Avgjerande for gullstriden vart det at Šapka hadde rive ein gong på både 2,17 m og 2,19 m. Tørring var feilfri også på dei høgdene, og fekk dermed gullmedaljen, Sapka sølvet.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre