Hjuldampskipet «Norge»

Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: Hjul-DS «Norge»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Thomas Wingate & Co i Glasgow
Sjøsett: 1854
Jomfrutur: Oktober 1854
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: Ukjend
Lagnad: Forliste 1855
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 575 bruttoregistertonn
Lengd: 59,7 m
Breidd: 7,9 m
Djupgang: 4,1 m
Installert effekt : 70 NHk
Framdrift: Oscillerande dampmaskin
Fart: 13 knop

DS «Norge» er ein hjuldampar bygt i 1854 som det andre skipet til Det Bergenske Dampskibsselskab.

HistorieEndra

Bergenske hadde starta opp rutefart frå frå Bergen til Hamburg i 1852 via Stavanger og Kristiansand, og ruta gjekk så pass bra med DS «Bergen» at dei ønskte å utvide med eit skip til. Kaptein Jacob Rieck Ege, som hadde skaffa «Bergen», vart på ny send til England for å skaffe eit skip til, denne gongen med Thomas Wingate & Co i Glasgow.

«Norge» vart levert i oktober 1854 og var òg ein hjuldampar. Ho vart sett inn i same ruta som «Bergen».

Kl. 0020 den 10. september 1855 gjekk «Norge» ut frå Kristiansand på veg til Hamburg under kaptein Hans Ibsen. Vêret var roleg og sikta var god, og dei fleste passasjerane var gått til køys. Halvvegs mellom Odderøya og Oksøya var «Bergen» på veg inn, og ville passere på babord side. Då dei nesten var i ferd med å passere kvarandre kommanderte losen på «Bergen» å styre «hardt babord», og ho skar så baugen inn i sida på «Norge». Kaptein Ibsen gav melding om å slå akterrover, men gløymde å gje melding til passasjerane. Hekkbåten vart sett ut, men dei andre dekksbåtane var for godt surra fast og berre ein av dei kom på sjøen. Etter 15 minuttar gjekk «Norge» brått ned og 40 menneske mista livet. Dette var den første store dampskipkatastrofen i landet. I sjøforklaringa etter forliset fekk «Norge» all skuld og kaptein Ibsen vart dømd til 160 dagar i fengsel.

Skipet var ikkje forsikra og representerte verdiar for 73 000 spesidalar, noko som råka Bergenske tungt.

Vraket vart oppdaga på 160 meters djupne då det skulle leggjast straumkabel over Skagerrak. I mai 2019 vart vraket undersøkt av forskarar frå Norsk Sjøfartsmuseum, men av respekt for dei som omkom vart ingenting fjerna frå vraket.[1]

RuterEndra

  • 1854-1855: Bergen-Stavanger-Kristiansand-Hamburg

Sjå ogEndra

KjelderEndra

  • Ottar J. Aare: Dampskipsfarten i Norge - veien til sivilisasjonen... i SALT Magasinet for kystens næringer og kystens folk nr 2 2011
  • Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 4–16.