Kafr Nabl (arabisk كفرنبل, òg skrive Kafranbel eller Kafr Nabil) er ein by som administrativt høyrer til Idlib guvernement og Ma'arrat al-Numan-distriktet nordvest i Syria. Han ligg 735 meter over havet. I 2004 hadde Kafr Nabl eit folketal på 15 455.[1] Kafr Nabl ligg over ein eldgamal bysantinsk daudeby, og er omgjeve av somme av dei viktigaste Daudebyane, som Serjilla, Shanshrah, og al-Bara.[2]

Kafr Nabl
كفرنبل, Kafranbel
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Idlib
Distrikt Maarrat al-Nu'man
Nahiyah Kafr Nabl
Høgd 735 moh.
Koordinatar 35°36′N 36°33′E
Folketal 15 455 (2004)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Kafr Nabl er den største produsenten i Syria av fiken og ein storprodusent av oliven. Kring 3 700 hektar, eller 778 000 tre vert nytta i fikendyrkinga. Kring 60 % av innbyggjarane er tilsett i produksjonen og handsaminga av frukt. Bøndene i Kafr Nabl nyttar kring 80 % av tida si til fiken og 20 % til oliven.[3]

Sidan den syriske borgarkrigen har byen vorte kjend for å produsere satiriske videoar om krigen.[4]

KjelderEndra

  1. Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Idleb guvernement. (arabisk)
  2. Carter, 2008, s. 199.
  3. Giuliani, 2007, s. 24.
  4. http://www.economist.com/news/middle-east-and-africa/21586600-deal-struck-america-and-its-allies-russia-envisages-removal Syria’s war: An unlikely band of brothers

BakgrunnsstoffEndra