Kafr Qasim
Kafr Qasim (hebraisk skrift כַּפְר קָאסִם, arabisk كفر قاسم), òg kalla Kafr Qassem, Kufur Kassem, Kfar Kassem og Kafar Kassem, er ein israelsk-arabisk by som ligg kring 20 km aust for Tel Aviv, nær Den grøne linja mellom Israel og Vestbreidda, i den sørlege delen av «Triangelet» av arabisk-israelske byar og landsbyar. Byen vart kjend for Kafr Qasim-massakren, der israelsk grensepoliti tok livet av 48 sivile den 29. oktober 1956. Den 12. februar 2008 fekk Kafr Qasim bystatus.
Kafr Qasim | |||
كفر قاسم, כַּפְר קָסִם, כפר קאסם, Kafar Qasem, Kufur Kassem | |||
by | |||
Monument i Kafr Qasim til minne om ofra i massakren i 1956.
| |||
Namneopphav: Landsbyen Kasim[1] | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Koordinatar | 32°06′54″N 34°58′30″E / 32.1151°N 34.9751°E | ||
Areal | 9,15 km² | ||
Folketal | 21 100 (2012) | ||
Folketettleik | 2 306 / km² | ||
Grunnlagd | 1800-talet | ||
• Bystatus | 2008 | ||
Borgarmeister | Adel Badir | ||
Kafr Qasim 32°06′51″N 34°58′38″E / 32.114166666667°N 34.977222222222°E | |||
Kart som viser Kafr Qasim.
| |||
Wikimedia Commons: Kafr Qassem |
Historie
endreOmrådet har vore folkesett sidan antikken og ein har gjort arkeologiske funn som går attende til romartida. Den moderne byen vart grunnlagd på 1600-talet av innbyggjarar frå den nærliggande landsbyen Mes'ha.[treng kjelde]
Osmansk tid
endreI 1870, under Det osmanske riket vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsby, som han kalla Kafr Kasim. Han fann staden å vere «ein eldgamal by, som cisternene og steinhaugane utafor dagens landsby syner».[2] Landsbyen hadde kring fire hundre innbyggjarar.[3]
I 1882skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen som ein mellomstor landsby, hovudsakleg av adobe, på ein låg ås i ope lende. Ei grav skore ut berget låg sør for landsbyen.[4]
Palestinamandatet
endreI 1917 under fyrste verdskrigen vart Kafr Qasim (i lag med resten av omrdet) erobra frå det herskande osmanske riket av den britiske arméen og vart seinare ein del av Palestinamandatet.
Etter 1948
endreKafr Qasim er kjend som staden der det israelske militæret ikkje kom lenger fram under den arabisk-israelske krigen i 1948. I 1949 annekterte Israel byen i samband med våpenkvileavtalen, som enda krigen.
Kafr Qasim vart kjend på grunn av massakren som vart utført av det israelske grensepolitiet (MAGAV) den 29. oktober 1956, då 49 sivile personar vart skotne. Massakren er framleis eit ope sår mellom landsbybuarane og resten av det israelske samfunnet.[treng kjelde]. I 1959 fekk byen status som lokal kommune.
I nyare år er byen kjend som staden der sjeik Abdullah Nimar Darwish starta Den islamske rørsla.
Demografi
endreI folketeljinga i 1931 hadde Kafr Qasim 241 busette hus og eit folketal på 989 muslimar.[5]
I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde byen 21 100 hovudsakleg muslimske innbyggjarar mot slutten av 2012.[6]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kafr Qasim» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juni 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Guérin, Victor (1875). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 2: Samarie, pt. 2. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral s. 75
- Khalaily, Hamudi (02/10/2005) Kafr Qasim (East), Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, No. 117.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Zbenovich, Vladimir, Leticia Barda and Mordechai Haiman (10/03/2005): Kafr Qasim, Development Survey Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, No. 117.
- ↑ Palmer, 1881, s. 230
- ↑ Guérin, 1875, s. 141, som sitert i Conder og Kitchener, 1882, s. 324
- ↑ Guérin, 1875, s. 141
- ↑ Conder og Kitchener, 1882, s. 285
- ↑ Mills, 1932, s. 64
- ↑ «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 1 000 Residents and Other Rural Population». Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. juni 2008. Henta 12. april 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- Heimeside
- Offisiell nettstad Arkivert 2007-10-08 ved Wayback Machine.
- Velkomen til Kafr Qasem