Kai Anker Møller
Kai Bisgaard Anker Møller (22. mai 1859–22. september 1940) var ein godseigar og stortingsmann frå Berg i Østfold, medlem av Venstre. Han var son av Dikka Møller og var gift med Katti Anker Møller og var såleis svigerson til Herman Anker.
Kai Anker Møller | |||
| |||
Fødd | 22. mai 1859 Halden kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 22. september 1940 (81 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, godseigar | ||
Utdanna ved | Noregs miljø- og biovitskaplege universitet | ||
Mor | Dikka Møller | ||
Ektefelle | Katti Anker Møller | ||
Barn | Tove Mohr | ||
Alle verv |
|
Møller var son til eigaren av godset Thorsø i Borge. Han tok sjølv over godset i 1885 og dreiv det vidare. Før han kom så langt vart han i 1877 student frå Christiania katedralskole, og tok i 1880 eksamen på den høgare landbruksskulen på Ås. Høvesvis 1882-83 og 1885 studerte han landbruk i Danmark og i England.
Møller var medlem av heradsstyret i Borge 1887-1907 og på ny 1910-??, ordførar i mange år. Han var skulestyreformann frå 1891 til 1904. Frå 1906 var han formann i Venstre i Smaalenene, då ein ordna styreskipnaden etter dei enkelte einmannskrinsane til stortingsvalet var han formann for Venstre i Glemmen krins. Han var formann i landbruksselskapet i Smaalenene, og for landbruksselskapa sitt felleskjøp frå 1897. I 1906 vart han vald til preses i Selskabet for Norges Vel.
Møller var 2. representant på Stortinget for Venstre og Smaalenenes amt i perioden 1900-03. Han møtte einast sesjonen 1900-01, dei to siste sesjonane hadde han sjukdomsforfall. På tinget var han medlem av landbrukskomiteen.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Kai Anker Møller NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv